– Målet med Prosjekt samfunnsansvar er at Sogn og Fjordane innan 2015 skal vere eit framtidsfylke og ein føregangsregion når det gjeld samfunnsansvar, seier næringsdirektør Jan Heggheim. Det er etablert ei styringsgruppe for prosjektet, og næringslivet vert invitert med for å kartleggje situasjonen i dag.

Skriven 21.10.2014 under


Fylkesdirektør Jan Heggheim. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Sogn og Fjordane fylkeskommune er prosjektansvarleg og løyvde i mars i år 210 000 kroner til Prosjekt samfunnsansvar. Dette er eit nettverksprosjekt der offentlege aktørar og næringslivet saman vil setje søkjelyset på samfunnsansvar og berekraftig utvikling.

Vil få systematisk tilnærming til temaet 

– Samfunnsansvar er eit tema som vil bli aktualisert framover, og alle må rekne med å ta ansvar for alle konsekvensar av verksemda si, inkludert eventuelle innsatsvarer. Mange verksemder tenkjer og handlar i tråd med dette allereie. Med Prosjekt samfunnsansvar ønskjer vi mellom anna å avklare korleis ein kan ha ei systematisk tilnærming til temaet, seier Jan Heggheim.

Samfunnsansvar handlar om korleis verksemder og organisasjonar påverkar menneske, miljø og samfunn, og korleis dei kan bidra til ei berekraftig utvikling. 

Inviterer næringslivet med 

I Prosjekt samfunnsansvar er det no sett i gang ein forstudie, som mellom anna skal kartleggje korleis situasjonen er i eit utval verksemder i dag. I tillegg vil ein med studien identifisere kritiske suksessfaktorar for å utvikle næringslivet her i fylket til å bli leiande innan samfunnsansvar. Ein er no i gang med å invitere verksemder med, og fleire av dei spurde, er interesserte i å delta i prosjektet. 

– Etter forstudien håpar vi å gå over i eit hovudprosjekt der breidda i næringslivet deltek. Men dette er det vi skal finne ut av i forstudien, uttalar Jan Heggheim 
Vil bli føregangsregion Det overordna målet med Prosjekt samfunnsansvar er at Sogn og Fjordane skal bli ein føregangsregion på dette området innan 2015.

Første steg på vegen er etableringa av ei styringsgruppe, som er sett saman av representantar frå både det offentlege og næringslivet. I styringsgruppa sit Jan Heggheim (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Sjur Sekse (Innovasjon Norge), Jøril Hovland (Kunnskapsparken Sogn og Fjordane), Ylva Torillsdotter Tyssing (Knutepunkt Sogn og Fjordane), Hege Johnsen (NHO), Kjell Sandnes (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Bente Nesse (Havyard Leirvik). 

Fakta om samfunnsansvarOmgrepet vert vanlegvis brukt om verksemder og organisasjonar sine bidrag til ei positiv økonomisk, sosial/etisk og miljømessig sett berekraftig utvikling.Dette inneber at verksemder på frivillig basis integrerer sosiale og miljømessige omsyn i verksemda si og i samspelet med blant andre underleverandørar.I omgrepet samfunnsansvar ligg både det å sikre at regelverket vert halde og å gå ut over regelverket og fremje blant anna arbeidarrettar og miljøomsyn. 

(Kjelde: Regjeringa sin handlingsplan Miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser)

Hald deg oppdatert