Då Saga Fjordbase AS i Florø skulle tilsetje ny basesjef oppfordra dei Leif A. Stavøstrand til å søkje. CV-en hans hadde dei sett på framtidsfylket.no. No har 33-åringen teke med seg kone og baby og flytta frå Bergen til Svanøy.

Skriven 21.10.2014 under

FAKTA:
Saga Fjordbase AS er eit selskap i INC Gruppen og har aktiviteten sin i Flora kommune.

Selskapet utfører transport- og logistikktenester, herunder materialadminstrasjon, transporttenester, base- og terminaltenester, vedlikehald og innkjøp knytt til både off- og onshore verksemd.

Selskapet jobbar mot sentrale aktørar som td. Statoil og GDF Suez, samt mindre selskap i leverandørindustrien.

Les meir om: INC-gruppen
Nettstad: sagafjordbase.no

Sidan 1. mai har han pendla inn med båten til jobben som øvste operative ansvarleg for logistikk- og transportverksemda  på basen i Florø.

Sjøkaptein og leiarerfaring frå rederinæringa

Stavøstrand har sin bakgrunn i maritim verksemd, som utdanna sjøkaptein og marin ingeniør frå Høgskulen i Bergen.
Før han kom til Florø og Saga Fjordbase har han hatt fleire operative og administrative leiarstillingar innan rederinæringa, mellom anna som kaptein, superindendent og flåtesjef.

Karrieremessene

33-åringen vart invitert til si første Framtidsfylket karrieremesse i Bergen i 2008. Siden den gongen har han følgt med via nyheitsbreva som jamnleg går ut frå Framtidsfylket.

– I fjor vinter var vi komne i ein fase i livet der vi snakka om at eg burde finne meg ein jobb med mindre reising. Men interessante jobbar for personar med min kompetanse, spesielt leiarjobbar på land i maritimt orienterte bransjar, veks ikkje på tre i Sogn og Fjordane. Det vart difor mest med tanken, seier han.
Med stadige påminningar om verksemda til Framtidsfylket vart det til at han etter kvart la inn opplysningane sine i CV-basen – sjølv om Stavøstrand ikkje veldig store voner til at dette åleine skulle gje konkrete resultat.

– Eg har jo registrert at nettsida til Framtidsfylket har vakse seg til ein seriøs rekrutteringsportal, og at næringslivet i fylket tek den i bruk. Så då tenkte eg at det likevel kunne vere greit å legge inn opplysningane mine der, seier han.

Såg ikkje utlysinga

Leif-A-stavostrand-lite1.

Saga Fjordbase lyste ut stillinga som basesjef på vanleg måte, men den fekk ikkje Stavøstrand med seg. Med gravid kone og seinare nyfødd baby i huset går dagane fort unna, og han var difor ikkje særleg aktivt på leit etter ny jobb i heimfylket.

Men då Saga Fjordbase AS tok kontakt og oppmoda han til å søkje rulla ballen fort, og familien tok den endelege avgjerda om å flytte heim.

– I dag er eg sjølvsagt svært glad for at eg la inn CV`en og fekk moglegheiten til denne jobben, seier Leif A. Stavøstrand.

 

Har DU ein CV registrert i CV-basen som du ikkje har oppdatert på ei stund? Då er det på tide å oppdatere den, sjølv om det berre er småjusteringar vil nyleg oppdaterte CV'ar vere meir interessante for bedriftene.

 

  • Er du på jakt etter (ny) jobb? Registrer deg med profil og CV på framtidsfylket.no
  • Er du arbeidsgjevar?Opprett bedriftsprofil og søk om tilgang til CV-databasen

Hald deg oppdatert