.

NRK Nynorsk mediesenter


Postadresse:

Boks 100 (Besøksadresse: Prestebøen 2)
6801 Førde


  • Bedriftas epostadresse
  • Telefon:
    57 72 42 42
  • Nettstad (webside):
    http://www.nynorskmediesenter.no

Kort skildring av bedrifta og hovedaktiviteten:

Journalistopplæring og kursverksemd
NRK Nynorsk mediesenter er eit kurs- og opplæringssenter for meir nynorsk i media. Senteret har vore i drift sidan 2004 og held til i lokala til NRK Sogn og Fjordane i Førde. Senteret er ein del av organisasjonsstaben i NRK.

Søknadsfristar 15.april og 15.oktober
Vi tek inn fem nynorskpraktikantar i halvåret, med start i januar og august. Søknadsfristen til haustkullet er 15. april og til vårkullet 15. oktober.

Nynorskpraktikantane får ei svært praktisk opplæring, med mykje praksis og lite teori. Dei er fire månader i Førde og to månader i ekstern praksis i ulike redaksjonar, i og utanfor NRK.

Praktikantane får løn under opplæringa, men har korkje bindingstid eller garanti om arbeid i NRK etterpå. I snitt arbeider 75 % av dei som har gått her i media.

Vi leitar etter
Nynorskbrukarar som ynskjer å bli journalistar i radio, fjernsyn og på internett. Dei må vere engasjerte, samfunnsorienterte og språkleg medvitne.

Kurs om media og nynorsk
NRK Nynorsk mediesenter driv også kursverksemd. Vi ynskjer å gje kunnskap og trening i media og nynorsk, slik at kursdeltakarane vert trygge og frimodige nok til å vere seg sjølve og delta i samfunnsdebatten.

Vi held kurs i medietrening, beredskapsøvingar, god nynorsk, journalistisk skriving for Internett, stemmebruk og kommunikasjon, presentasjon og føredrag om media si rolle i samfunnet.

Tilsette:
Magni Øvrebotten – leiar/kurshaldar
Randi Indrebø – faglærar/kurshaldar
Tone Lin Støfring – faglærar/kurshaldar
Wenche S. Eikum – kursansvarleg/kurshaldar

Ledige stillingar

Ingen konkrete stillingar. Ta kontakt med oss.

Relaterte artiklar

Kjerneverksemd/bransje:

Media/journalistikk/informasjon/PR
Utdanning/undervisning

Bedrifta vil få bruk for denne kompetansen:

Media/journalistikk/informasjon/PR

Region

Sunnfjord

Jobbtyper

Stipendiatstilling

Sist oppdatert

25.04.2012

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt