.

SKALD AS


Postadresse:

Pb 61
6861 Leikanger


  • Bedriftas epostadresse
  • Telefon:
    57654155
  • Nettstad (webside):
    http://www.skald.no

Kort skildring av bedrifta og hovedaktiviteten:

SKALD er eit innovativt forlag i vekst med fokus på kvalitet både på innhaldet og utsjåande. Repertoaret dekkjer praktbøker, reise, barn, humor, historie, kunst, skjønnlitteratur, kokebøker og eit par titlar utanfor dei vanlege sjangrane.


Vestlandsforlaget gjer ut ca. 15 bøker i året, og fleire av bøkene har fått gjeve prisar og strålande kritikkar. «Tvisynt tvilar», boka om
kunstnaren Oddvar Torsheim vann gull i open klasse i «Årets vakreste bok  2002» og «Ulveungen Sim» fekk diplom for vakraste bildebok for barn i  2006. Skald legg vekt på kvalitetsbøker både for barn og vaksne, noko  som viser igjen i produksjonane.

SKALD AS vart skipa i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal som då var musikkskulerektor i Leikanger og kultursjef i Balestrand. Nes har sidan  då vore dagleg leiar i forlaget og Skjerdal styreleiar. I 2007 opna Skald «distriktskontor» i Bergen.

Med ein relativt oversiktleg stab har Skald kunna halda på ein
struktur der alle tek del i det redaksjonelle arbeidet -- noko som gjer forlaget  til ein spennande plass å jobba. Det store sjangerspennet gir dei tilsette mykje fridom til å setje i gong prosjekt dei sjølve synest er  spennande.

Ledige stillingar

Ingen konkrete stillingar. Ta kontakt med oss.

Relaterte artiklar

Ingen relaterte artiklar.

Kjerneverksemd/bransje:

Media/journalistikk/informasjon/PR

Bedrifta vil få bruk for denne kompetansen:

Adm./leiing/kontor/HR
Konsulentar/frie yrker
Media/journalistikk/informasjon/PR
Sal/marknadsføring

Region

Sogn

Jobbtyper

Fulltidstilling

Sist oppdatert

12.02.2011

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt