Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Hovedbilde
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16

https://www.misf.no/

post@misf.no

Kontakt

Atle Reidar Sandnes

atle.reidar.sandnes@misf.museum.no

95238933

Om oss

Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) si oppgåve som museum er å dokumentere, forske og formidle natur-, kulturarv og kunst i gamle Sogn og Fjordane. Etter den siste regionreforma er vi no ein del av det nye Vestland fylke, og Musea i Sogn og Fjordane er eitt av ti konsoliderte museum i Vestland fylke.


Vi drfitar og utviklar tolv forskjellige museum mellom fjord og fjell i Sogn og Fjordane. Årleg gjve vi nær 60.000 innbyggjarar og turistar læringsopplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå utan kunstscene til eldgamle kulturlandskap og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til malaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta hus, eksport av kvernsteinar i vikingtida og Lord Slingsby, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.

Dei 12 besøksstadene vi har ansvar for er:

  • De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum (Kaupanger)
  • Norsk Reiselivsmuseum (Balestrand)
  • Kystmuseet i Sogn og Fjordane (Florø)
  • Nordfjord Folkemuseum (Sandane)
  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum (Førde)
  • Sunnfjord Museum (Movika, Sunnfjord)
  • Stiftinga Norsk Kvernsteinssenter (Hyllestad)


Vi har eit stort spenn i kompetanse og type stillingar i vår organisasjon. Både dei med høg museumsfagleg utdanning og bakgrunn/erfaring, men også reine administrative og drifsstillingar. I dag er vi ca 60 årsverk.

Eksempel på faste stillingar vi har i MiSF i dag er:

* Forsking og bevaring: konservator, registrator, magasinforvaltar, samlingsforvaltar, handverkar, magasintekniker

* Leiing, formidling, førsteline på det enkelte museet: museumsleiar, museumspedagog og museumsvert

* Dei som arbeider for at ting skal "gå rundt", vedlikehald, driftsoppgåver: Driftsteknikar, utstillingstekniker

* Stab- og støttefunksjonar som økonomi, HR, marknad, kommunikasjon og drift

Stiftinga MiSF sitt føremål er å drive gode museum. Det gjer vi ved å samle inn gjenstander, ta vare på desse, dokumentere, forske og formidle/fortelje omverda om dei og den historien som følgjer med. Vi driv også anna inntektsgjevande verksemd som f.eks konsulent- og spesilatenester, kafe, museumsbutikkar og utleige/arrangement o.l.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde

Ledige stillingar