VAKN - Vårt akademi for Kultur og Næring
Postadresse:
Pb 47
6771 Nordfjordeid
- Bedriftas epostadresse
- Telefon:
93422756 - Nettstad (webside):
http://www.vakn.no
Kort skildring av bedrifta og hovedaktiviteten:
VAKN - Vårt akademi for Kultur og Næring er eit 3-årig pilotprosjekt. Prosjektet er etablert på Nordfjordeid sidan februar 2011. Pilotprosjektet er finansiert av bulystmidlar frå Kommunal- og regionaldepartementet, Sogn og Fjordane flykeskommune og Eid kommune og vil ha tre fokusområde: Forretningsutvikling, kompetanseheving/utdanning og samarbeid offentleg og privat kulturutvikling.
Mål for VAKN:
Utarbeide ein konkret modell for kulturbasert næringsutvikling. VAKN-modellen
Denne modellen skal skissere kva element som må vere til stades i oppbygginga av kulturbasert næring. Kva faktorar påverkar og stimulerer til kulturbasert utvikling, og kva behov, rolle og ansvar offentleg og privat næringsliv har for å samverke til slik utvikling. VAKN-modellen skal ta utgangspunkt i kulturbasert næringsutvikling i distriktskommunar og regionar. Modellen skal mellom anna skissere kritiske suksessfaktorar baserte på erfaringar frå Nordfjord
Hjelpe til ved etablering av 25-30 nye arbeidsplassar
Vi har sett som mål at vi skal etablere 3 nye bedrifter og 9 nye arbeidsplassar kvart år i den 3-årige piloten. Totalt 9 bedrifter og 27 arbeidsplassar skal vere sjølvfinansierande ved utgangen av prosjektet.
Auke bulyst og næringsutvikling i Nordfjordregionen
Vi har utarbeidd ein rapport gjennom Telemarksforsking som måler Eid kommune sin attraktivitet og næringsutvikling i høve til andre kommunar i Sogn og Fjordane, Seljord, Meldal og landgjennomsnittet. Vi vil følgje opp rapporten under prosjektet for å sjå korleis Eid kommune og regionen kring utviklar seg på attraktivitet og næringsutvikling i samanlikna med andre kommunar i Noreg. Så langt kan vi sjå at arbeidet som har blitt gjort i Eid kommune, har byrja å gje resultat.
VAKN-piloten skal ha Nordfjord som geografisk arbeidsområde. I dette ligg det at piloten vil arbeide for å fremje og setje i gang prosjekt i Nordfjord, som skal bidra til å utvikle kulturnæringane i denne regionen. Samtidig vil det vere viktig at VAKN deltek i nettverk og i prosjekt utanom Nordfjord dersom slike prosjekt bidreg til at VAKN når sine mål.
Ledige stillingar
Ingen konkrete stillingar. Ta kontakt med oss.
Relaterte artiklar
Ingen relaterte artiklar.
Kjerneverksemd/bransje:
Interesse-/ideelle organisasjonar
Kunst/kultur
Bedrifta vil få bruk for denne kompetansen:
Adm./leiing/kontor/HR
Forskning/utvikling
Interesse-/ideelle organisasjonar
Konsulentar/frie yrker
Kunst/kultur
Media/journalistikk/informasjon/PR
Offentlege tenester/forvaltning
Personlege teneste- og servicebr.
Sal/marknadsføring
Reiseliv
Utdanning/undervisning
Økonomi/Rekneskap
Region
Sogn
Sunnfjord
Nordfjord
HAFS
Jobbtyper
Fulltidstilling
Deltidsstilling
Stipendiatstilling
Studentoppgave
Sist oppdatert
23.04.2012