Vil du gjere verksemda di meir synleg?
Registrer bedrifta di, og legg ut stillingsannonser
Ved å registrere bedrifta di i databasen gjer du deg tilgjengeleg for folk som er på leit etter jobb i Sogn og Fjordane, både på kort og lang sikt. Dette er gratis profilering for di bedrift.
Det er heilt gratis å opprette ein slik bedriftsprofil, og du kan enkelt gjere det sjølv. I profilen fortel du om verksemda di og kva slag kompetanse de etterspør. Det er viktig å vere synleg, også om de ikkje har ledige stillingar akkurat no.
Når bedrifta har ein profil kan du søkje om tilgang til ein CV-database med opplysningar om personar som anten er på jakt etter jobb i fylket eller kan tenkje seg å ta imot tips om relevante stillingar.
Ein annan måte å få tak i riktig kompetanse på er å
bli traineebedrift i Framtidsfylket Trainee,
og delta med stand på Framtidsfylket Karrieremesser.
Vil du vere ekstra synleg, er det mogleg å kjøpe nettannonser på framtidsfylket.no. Ta kontakt med dagleg leiar i Framtidsfylket Anne van Oorschot på epost anne@framtidsfylket.no eller telefon 92 83 52 32 for å kjøpe annonseplass.
Fordelar med bedriftsprofil
Som bedriftsbrukar av Framtidsfylket.no – som er gratis – vil di bedrift bli synleg i vår bedriftsoversikt, som våre brukarar søkjer i for å lære om næringslivet i Sogn og Fjordane. Du kan søkje etter kompetanse, og lyse ut stillingar gratis.



