Bli traineebedrift
Sogn og Fjordane har eit rikt og mangfaldig næringsliv. Kvart år, gjennom våre karrieremesser og traineeprogrammet, opplever vi at mange blir positivt overraska over alle de spennande arbeidsplassane som finst i fylket vårt. Vi har så mykje - men for få veit om det! Vi er overtydde om at mykje handlar om synleggjering. Og det er nettopp dette som er Framtidsfylket si hovudoppgåve: Vi må vise kva fylket vårt har å by på.
Gjer bedrifta di synleg
Å vere traineebedrift gjer bedrifta til ein ettertrakta arbeidsgjevar blant nyutdanna jobbsøkjarar. Gjennom traineeordninga får bedrifter høve til å tilby unge arbeidstakarar ei "krydra", spesialsydd stilling som gir fortrinn i kampen om kloke hovud. Totalpakka med nettverket og eigenutviklingsprogrammet er attraktivt for dei som ønskjer seg eit springbrett til karriere.
Kva er ei traineebedrift?
Bedrifta tilbyr eitt års tilsetjing for nyutdanna med bachelor- eller masterutdanning. Traineeane er under 35 år og har maks tre års arbeidserfaring. Kva fagområde stillinga omfattar er opp til bedrifta. Det er som regel stor variasjon i fagkompetanse og utdanningsbakgrunn blant traineeane. Arbeidsavtalen er mellom traineeen og bedrifta, og interne forhold som løn, ferie, arbeidsstad etc. fastsett i kontrakten. Traineeprogrammet går over eitt år, frå august til august. Det er eit mål å tilby traineeane fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode.
Alle traineane skal ha ein mentor i bedrifta si. Det vil seie at bedrifta gir ein tilsett ansvar for ekstra oppfølging og støtte av traineeen. Mentoren blir også traineeprogrammet sin kontaktperson i bedrifta. Mentoren treng ikkje vere leiar for bedrifta.
Kostnader
Traineebedriften dekkjer:
- utgifter til løn og direkte kostnader knytt til tilsettinga
- ein egenandel på 35.000,- kroner for kvar trainee som tilsettast, for å dekke kostnadene for det eigenutviklingsprogrammet
- reisekostnader i fylket i samband med traineesamlingane (4 pr. traineeår)
- reise- og opphald i samband med ein utanlandsk studietur
Framtidsfylket AS dekkjer de resterande kostnadane for dei fire fellessamlingane, eigenutviklingsprogrammet, marknadsføring, koordinering m.m.
Ta kontakt snarast
I samband med marknadsføring av neste traineekull (11/12) held vi no på å kartlegge kva bedrifter som ønskjer å vere med frå august 2011. For å utnytte marknadsføringsprosessen for fullt er det ønskjeleg å ha avklara om de ønskjer ein trainee, seinast i desember 2010.
Ønskjer du meir informasjon: ta kontakt med dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot, mobil 928 35 232, epost: anne@framtidsfylket.no.