Vilkår for bruk av CV-databasen
STANDARDVILKÅR FOR ARBEIDSGJEVARAR SIN BRUK AV CV-DATABASEN
1. Aksept av vilkår
Brukarvilkåra er ein juridisk bindande avtale mellom deg som brukar og Framtidsfylket AS, Postboks 26, 6731 Davik, org. nr. 992 403 896 (heretter ”Framtidsfylket”). Brukarvilkåra blir oppdaterte med jamne mellomrom. Du har sjølv ansvar for å vere kjend med dei til ei kvar tid gjeldande vilkår, og aksepterer desse ved å halde fram med å bruke tenestene hos Framtidsfylket.
2. Ditt ansvar
Ditt brukarnamn og passord skal ikkje leverast til tredjepart. Din bruk av tenestene på Framtidsfylket må til ei kvar tid vere i samsvar med desse Brukarvilkåra og norsk rett. Du aksepterer å ikkje nytte Framtidsfylkets tenester på ein måte som medfører skade eller ulempe for Framtidsfylket eller brukarane.
3. Handlingar i strid med Brukarvilkåra
Framtidsfylket har rett til å på sakleg grunnlag vurdere om du eller dine handlingar bryt med Brukarvilkåra. Ved gjentekne brot på Brukarvilkåra kan du eller di bedrift ekskluderast frå Framtidsfylkets teneste.
4. Framtidsfylkets ansvar
Framtidsfylket er ikkje ansvarleg for innhaldet i databasen. Framtidsfylket kan ikkje haldast ansvarleg for feil i informasjonen, tekniske problem, avbrot i tenesta, datafeil, datatap eller annan skade eller tap som måtte oppstå, med mindre skaden eller tapet skuldast forsett eller grov aktløyse frå Framtidsfylket AS eller hostingleverandør Keyteq AS si side. Du skal halde Framtidsfylket skadeslaus for eitkvart krav frå tredjeperson som er ei følgje av bruk av Framtidsfylkets teneste.
5. Personopplysningar
Du er ansvarleg for behandling av dei personopplysningane du får tilgang til gjennom CV-databasen, og er forplikta til å sørgje for tilfredsstillande informasjonstryggleik med omsyn til konfidensialitet, integritet og tilgjenge ved behandling av personopplysningar. Opplysningane kan berre nyttast internt i samband med rekruttering, og skal ikkje under noko omstende vidareformidlast til tredjepart utan uttrykkeleg avtale med kvar enkelt CV-eigar. Bruk av databasen til utsending av reklame og liknande vert rekna som brot på vilkåra og vil føre til utestenging. Oppbevaring og behandling av personopplysningar er elles heimla i personopplysningslova.
6. Tvistar
Tvistar som måtte oppstå vedrørande tjenesta eller desse Brukarvilkåra skal avgjerast etter norsk rett med Fjordane tingrett som verneting.
7. Spørsmål
Dersom du har spørsmål om eller synspunkt på Framtidsfylkets teneste eller Brukarvilkåra, kontakt dagleg leiar på telefon 928 35 232 eller epost anne@framtidsfylket.no.
(Om du er i ferd med å fylle ut søknadsskjema kan du lukke dette vindauget. Viss du kom til denne sida først, og ikkje har fylt ut søknadsskjemaet finn du det her.)