Karrieremesse Bergen 2014


Bryggen i Bergen. (Foto: Joe Stump, Flick CC2.0)

Framtidsfylket inviterer arbeidsgjevarar i Sogn og Fjordane til karrieremesse i Bergen


Programmet vert bygd opp etter same mal som tidlegare, med bedriftstands, kulturinnslag og god mat. I år står Linda Gytri for det musikalske innslaget og det vert motivasjonsføredrag med Rasmus Mo.Vi legg og opp til etterfest med konsertarrangement med Laila B Band på Logen i Bergen. Både arbeidsgjevarar og messa sine gjestar er invitert.

Dato: onsdag 12. februar
Stad: Grieghallen
 

På denne sida finn du all informasjon di verksemd treng i høve messa - program, prisar, lenkjer til bestilling av standplass, hotellbooking, med meir.

Bestillingar og prisar

Vi ønskjer at alle bedrifter i fylket skal ha høve til å profilere seg - store som små, difor legg vi opp til ein differensiert pris etter tal på tilsette i di verksemd.

Tal tilsette i di bedrift:       

Pris per stand (eks. mva.):

1 – 9 tilsette

Kr. 9.500 per stand (pluss mva.)

10 og fleire tilsette

Kr. 13.500 per stand  (pluss mva.)


Innlagt i prisen

  • Golvareal (det vert ikkje bygd standveggar), ca. 1,5 x 2,5 m standareal
  • Bord og stolar
  • Trådlaust internett
  • Straum
  • Profilering på liste over deltakande stands på Framtidsfylket.no
  • Film med profilering av alle verksemder som visast i plenumssamlinga

Har de andre ønsker kan det kanskje ordnast - ta kontakt med Gro Rukan på gro@framtidsfylket.no eller tlf. 913 21 392 

Bestill standplass til messa i Bergen - fullbooket! 

  • Det er no desverre fullbooka for standplass i Grieghallen 12. februar. 

Bestill hotellovernatting - fullbooket!

  • Pris pr enkeltrom: kr 1245,- person/natt 
     

Sjå oversikt over påmeldte bedrifter til messa i Bergen 

 

Program

Nyskapande trekkspelmusikk med Linda Gytri (t.v.) (Foto: Jarle H Moe) frå Oldedalen, føredrag med motivator Rasmus Moe og etterfest og konsert på Logen i Bergen med det bremangerbaserte jazzpopbandet Laila B Band (t.h.) (Foto: Fazett Studio ved Frøydis Geithus). Alt skjer på Karrieremessa i Bergen 12. februar. 

Stad: Grieghallen

12:00 Det er mogleg å rigge opp stand. Framtidsfylket er til stades.

16:30 Stand er ferdig rigga

17:00 Gjestane kjem. Registrering og velkomstdrikk. Standar er opne.

17:30 Program i plenum
                   Dønn Ærleg - motivasjonsføredrag med Rasmus Mo
                   Nyskapande trekkspelmusikk med melankolsk ettertanke ved Linda Gytri
                   Film om arbeidsgjevarar i Sogn og Fjordane

18:00 Plenum ferdig. Mingling og stands

19:30 Tapas             

21:00 Arrangement slutt

22:00 Etterfest og konsert med Laila B Band – Sogn og Fjordane med gjestar tek ein tur på by'n og samlast til konsert og jazza pop frå Bremanger - på "bremangersk", med Laila B Band. Arrangementet er for både verksemder og gjestar på karrieremessa


For meir informasjon om messa i Bergen, ta kontakt med dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan - gro@framtidsfylket.no, tlf 913 21 392


Bli med på føremiddagsseminaret torsdag 13. februar:

"Framleis framtidsfylket?"
- eit seminar om framsnakking og samhandling

Stad: Rica Hotell Bergen
Dato: torsdag 13. februar
Tid: 09:00 - 12:00

Innleiar: Erling Sande, konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi.
Gratis felleslunsj frå kl 12:00 - 13:00

Meld deg på seminaret her via påmeldingslenka

Korleis kan vi samhandle i arbeidet med å profilere Sogn og Fjordane for å sikre rekruttering av kompetanse til fylket vårt?
 

Mange aktørar i Sogn og Fjordane har lenge jobba i lag om satsing på felles profilering av karrieremoglegheiter i fylket vårt. Det beste døme på resultat av dette arbeidet er selskapet Framtidsfylket AS med den fylkesdekkande regionale traineeordninga, dei årlege karrieremessene i Trondheim, Oslo og Bergen og ikkje minst ein tydeleg stillingsportal. Selskapet har mange eigarar, frå både offentleg og privat sektor, og mange har lagt både mykje tid og midlar i denne felles satsinga. I slikt arbeid må ein vere operasjonell og framtidsretta, og ikkje minst er det viktig med kontinuerleg godt samspel for å kunne trekke i same retning.

Kva gjer vi bra? Kva kan vi gjere betre? Korleis framsnakkar vi fylket vårt? og korleis kan vi nytte våre felles ressursar på best mogleg måte? – slike spørsmål er det særs viktige at vi tek i lag. 

Innleiar Erling Sande vil utfordre, inspirere og få i gang diskusjonen. Erling har mange års erfaring med samhandling i politikken, og er nå tilsett som konserndirektør hos SFE med ansvar for strategi og utvikling.

Mange kreative personar med kjærleik til Sogn og Fjordane er samla i Bergen i høve karrieremessa 12. februar. Vi vonar at storparten av dei kan prioritere å sette av nokre timar ekstra til å ta ein diskusjon om vegen vidare i lag.

Maks tal på deltakarar: 50 personar

 

 

Gå til hovedsida for Framtidsfylket Karrieremesser


Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt