Karrieremesse Bergen 2015

Den største av Framtidsfylket sine karrieremesser skal no verte endå større. Vi kliner til med to etasjar i Grieghallen. 


Dato: torsdag 26. februar

Stad: Grieghallen  


I 2014 fekk vi ny publikumsrekord på Bergen-messa. 600 nysgjerrige deltakarar tok turen for å bli betre kjend med sine arbeidsmoglegheiter i Sogn og Fjordane.

Både bedrifter og Framtidsfylket merka trøkket. Difor vil vi i år kline til med stands over to etasjar i Grieghallen. Draumen er 80 standbedrifter og endå ein ny publikumsrekord i 2015. Klarar vi det?

Bestill standplass til karrieremessa i Bergen

Bestill hotell og standutstyr til karrieremessa


I registreringa har de også høve til å melde dykk på dei andre karrieremessene. Melder du på bedrifta i både Trondheim og Bergen får bedrifta gratis standplass på Oslo-messa.

Program

17.00
Registrering og velkomstdrink. Standa er opne.

 
17.30
Program i plenum - Samfunnsansvar i ryggmargen med Håkon Haugsbø

Temaet for årets karrieremesser er samfunnsansvar i næringslivet. Internasjonale og nasjonale undersøkingar visar at bedrifter som tek samfunnsansvar vinn i kampen om dei gode arbeidstakarane, og Sogn og Fjordane er på god veg til å bli eit føregangsfylke i Norge. Vi har henta inn Håkon Haugsbø for kvelden, og han vil -  i ekte programleiarstil - finne ut kor gode Sogn og Fjordane faktisk er på samfunnsansvar. Jørn Trollebø Kvalheim frå Vågsøy står for underhaldninga, og vi gler oss til ein spennande kveld på Rica!

Håkon Haugsbø
Håkon Haugsbø er årets programleiar for plenumsamlinga. Håkon er tidlegare journalist i NRK, han har vore programleiar for NRK Brennpunkt og Forbrukerinspektørene,  han har stått i bresjen for to TV-aksjonar, og har lang fartstid som politisk reporter i NRK Dagsrevyen. No er han tilsett som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, med eit brennande engasjement for samfunnsansvar og sosialt engsjement

 

Jørn Trollebø Kvalheim
Jørn Trollebø Kvalheim slo for alvor gjennoms som artist på Idol på TV2, der han i skrivande stund er blant dei fire beste. 22-åringen frå Vågsøy har med sitt rocka image tolka alt frå Foo Fighters til Beatles i høstens sendingar, og gav i november ut singelen Collide. Han vil garantert få opp stemninga på Rica denne torsdagskvelden.

 

 

 

18.10 Mingling, stand og tapas


21.00
Arrangement slutt


22.00
Etterfest

Prisar

Vi ønskjer at alle bedrifter i fylket skal ha høve til å profilere seg - store som små, difor legg vi opp til ein differensiert pris etter tal på tilsette i di verksemd.

Tal tilsette i di bedrift:       

Pris per stand (eks. mva.):

1 – 9 tilsette

Kr. 8.000 per stand (pluss mva.)

10 og fleire tilsette

Kr. 14.000 per stand  (pluss mva.)

(For regionstand gjeld andre prisar.)


Innlagt i prisen

  • Golvareal (det vert ikkje bygd standveggar), ca. 1,5 x 2,5 m standareal
  • Bord og stolar
  • Trådlaust internett
  • Straum
  • Profilering på liste over deltakande stands på Framtidsfylket.no
  • Profilering av verksemda gjennom presentasjonsfilm av deltakande standbedrifter.

Les korleis det gjekk på Bergen-messa i 2014:
Bergen svikter aldri


Har de andre ønsker? Ta kontakt med Gro Rukan på gro@framtidsfylket.no eller tlf. 913 21 392 

 

 

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt