Nytt om arrangement
Over 500 ville vite meir om Sogn og Fjordane på den sjette karrieremessa i Bergen
Interessa for å gjere karriere i Sogn og Fjordane ser ut til å vere svært så stabil skal ein dømme etter frammøtet på den sjette karrieremessa i regi av Framtidsfylket i Grieghallen. Mellom 500 og 600 interesserte var innom 51 stands for private og offentlege arbeidsgjevarar i dei fire timane messa varte onsdag ettermiddag og kveld. – Les meir… (skriven 17.02.2012)
Klart for ein perfekt rockefestival – Malakoff på Nordfjordeid
Ein perfekt dag på jobben for festivalsjef og bookingansvarleg Arnt-Ivar Naustdal er når han etter mange timar med arbeid har fått til avtale med det perfekte Malakoff-bandet. Og slike perfekte dagar må han ha hatt mange av, skal vi dømme etter årets program for rockefestivalen Malakoff. – Les meir… (skriven 01.07.2011)
Festivalsommaren 2011 i Framtidsfylket
Her er oversikt over festivalar og ein del andre store tilskipingar i Sogn og Fjordane i årets lyse månader i 2011. – Les meir… (skriven 19.05.2011)
- Sogn og Fjordane gjer det strålande
Næringsminister Trond Giske sa på Næringslivskonferansen i Sogn og Fjordane 2011 at det var noko heilt anna å kome til fylket no i 2011 enn under finanskrisa. - Grunnlagsmaterialet som medarbeidarane mine har laga til meg viser at Sogn og Fjordane gjer det strålande! – Les meir… (skriven 03.03.2011)
1.250 var nysgjerrige på karriere i Sogn og Fjordane
Aldri før har så mange kompetente menneske fått vite om så mange spennande arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Årets karrieremesser i regi av Framtidsfylket har hatt større oppslutnad enn nokon gong tidlegare. – Les meir… (skriven 18.02.2011)
Sogn og Fjordane viser seg frå si beste side på karrieremessene
Framtidsfylket inviterer for femte år på rad studentar og arbeidssøkjarar til å kome på karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. I år blir det også messe i Sogndal. På messene viser Sogn og Fjordane, regionane og arbeidsgjevarar seg frå si beste side for å rekruttere jobbkandidatar og tilflyttarar. Og erfaringane er gode. – Les meir… (skriven 18.01.2011)
Internasjonale Vestlandsforsking fyller 25 år
Forskingsinstituttet i Sogndal utgjer saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane eit samla regionalt kunnskapsmiljø med om lag 200 fagstillingar, og feira jubileet med seminar. – Les meir… (skriven 20.12.2010)
Bank trimmar tilsette og framtidige kundar
Luster Sparebank fokuserer på effekten fysisk aktivitet kan ha på folkehelsa. I oktober fekk banken skuleelevar i kommunen med på frisklivscamp, leia av ein velkjend treningsambassadør frå eigen kommune. – Les meir… (skriven 20.11.2010)
Startskot for Global Future i Sogn og Fjordane!
I starten av november starta Global Future opp i Førde. Programmet er langsiktig verdiskaping og ønskjer fokus på fleire innvandarar i relevante stillingar, leiarposisjonar, verv i verksemder og i politisk samanheng. – Les meir… (skriven 06.11.2010)
Veksande kompetansemiljø i Aurland får nordisk merksemd
Arbeidet til sognebedrifta Aurland Naturverkstad AS vert profilert i stor nordisk vandreutstilling. – Les meir… (skriven 23.09.2010)
Prestisjetung pris til Sogn og Fjordane Teater
Teateret i Sogn og Fjordane fekk i september Hedda-prisen for si satsing på ny nynorsk dramatikk. Ikkje mindre enn 21 urpremiar har teateret hatt sidan 2003. – Les meir… (skriven 17.09.2010)
Nordfjording vart «Årets folkemusikar»
Folkemusikar Sigrid Moldestad frå Breim i Gloppen toppar stadig fleire lister. 9. september vart ho kåra til «Årets folkemusikar». Men det var korkje første eller siste prisen som kom nordfjordingen til del. – Les meir… (skriven 17.09.2010)
Nytt nettverk for ’digitale gründerar’ i IT-Forum Sogn og Fjordane
Ei gruppe IT- og webgründerar i Sogn og Fjordane har gått saman om å etablere arbeidsgruppa ”Digitalt entreprenørskap” i IT-Forum Sogn og Fjordane. – Les meir… (skriven 01.07.2010)
Farmhouse i Stryn løftar fram motetalent
- Farmhouse sitt talentløft Springbrett er eit fantastisk konsept for å få fram nye designerar og hjelpe fram dei talenta som vi har og skapar i Norge, seier Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke. – Les meir… (skriven 30.06.2010)
Filmbransjen inntek Sogn og Fjordane
I sommar skal det lagast fire filmar tre ulike stader i Sogn og Fjordane. Og meir kan det bli, håpar produsent og arrangør Svein Arild Vatsø i Bremanger. – Les meir… (skriven 23.06.2010)
Vindkraftsatsing i medvind
I Nordsjøen er det venta å bli bygd ut vindkraft for nærare tusen milliardar kroner dei komande ti åra. Dei mange spennande bedriftene innan vindkraftmiljøet i Måløy satsar sterkt på å vere sentrale aktørar i dette vindkrafteventyret, og andre miljø i Sogn og Fjordane kjem raskt etter. – Les meir… (skriven 05.03.2010)
Metalgruppe frå Sogn får heavy kultursponsing
Får 450.000 kroner i turnestøtte av Norsk Kulturråd. – Les meir… (skriven 02.03.2010)
Hallelujastemning etter karrieremessene
Årets karrieremesser enda med ein all-time-high i Grieghallen i Bergen tysdag. 550 gjester og 53 stands frå privat næringsliv og offentlege aktørar representerer ein stor auke i deltakartalet. – Les meir… (skriven 18.02.2010)
Musikalske ambassadørar for Framtidsfylket inntek Europa med ny plate
Musikkgruppa Pony The Pirate reiste i midten av januar til det største bransjetreffet i Europa med ei rykande fersk plate i bagasjen. – Les meir… (skriven 14.01.2010)
Inspirerande haustturne på karrieremesser
I midten av oktober 2009 var Framtidsfylket Trainee ferdig med sin haustturne på dei store karrieremessene, og har møtt mange spennande menneske som er interesserte i ein karriere i Sogn og Fjordane. – Les meir… (skriven 16.10.2009)
Nye litteratursprell i Aurland
Nynorske Litteraturdagar i Aurland i Indre Sogn er klare for nye sprell! – Les meir… (skriven 14.10.2009)
