Nytt om Framtidsfylket AS

Daniel gjekk frå trainee til fast tilsett

Daniel gjekk frå trainee til fast tilsett

Etter snart eitt år i Sogn og Fjordane fylkeskommune har trainee Daniel Gåsemyr Fluge no gått rett over i fast jobb i økonomistaben til fylkesrådmannen. – Les meir… (skriven 13.03.2012)

Dei regionale trainee-programma gir gode resultat og knuser myte

Dei regionale trainee-programma gir gode resultat og knuser myte

Kompetansesenter for distriktsutvikling har fått evaluert dei regionale trainee-programma. Rapporten syner at ordningane har positiv effekt for dei som er høgt utdanna, for samarbeid mellom bedrifter og for omdømmet til regionane som er med. – Les meir… (skriven 09.03.2011)

Nettpremiere på Sogn og Fjordane-filmen

Nettpremiere på Sogn og Fjordane-filmen

– For å få utnytta dei milliardressursane vi har her i fylket, under føtene våre og i lufta, så må det kome høgt utdanna menneske hit, seier Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han er ein av dei mange vi møter i den nye Sogn og Fjordane-filmen. – Les meir… (skriven 25.02.2011)

1.250 var nysgjerrige på karriere i Sogn og Fjordane

1.250 var nysgjerrige på karriere i Sogn og Fjordane

Aldri før har så mange kompetente menneske fått vite om så mange spennande arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Årets karrieremesser i regi av Framtidsfylket har hatt større oppslutnad enn nokon gong tidlegare. – Les meir… (skriven 18.02.2011)

Alice Blålid vil sprengje grenser i Framtidsfylket

Alice Blålid vil sprengje grenser i Framtidsfylket

Framtidsfylket har fått ein ny og entusiastisk medarbeidar, etter å ha tilsett Alice Blålid frå Deknepollen som ’assisterande grensebrytar’. Ho gler seg til å ta fatt: – Vi har det beste frå by og bygd. Det vil eg òg legge vekt på når eg skal reklamere for Sogn og Fjordane som karriere- og buplass, seier Blålid. – Les meir… (skriven 10.02.2011)

Sogn og Fjordane viser seg frå si beste side på karrieremessene

Sogn og Fjordane viser seg frå si beste side på karrieremessene

Framtidsfylket inviterer for femte år på rad studentar og arbeidssøkjarar til å kome på karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. I år blir det også messe i Sogndal. På messene viser Sogn og Fjordane, regionane og arbeidsgjevarar seg frå si beste side for å rekruttere jobbkandidatar og tilflyttarar. Og erfaringane er gode. – Les meir… (skriven 18.01.2011)

Leig eit traineekull for ein dag!

Leig eit traineekull for ein dag!

Treng du eller verksemda di hjelp til noko? Framtidsfylket Trainee stiller årets 11 traineear disponible til ein dag med problemløysing! – Les meir… (skriven 14.01.2011)

Wanted: Assisterande Grensebrytar.

Wanted: Assisterande Grensebrytar.

Anne van Oorschot, dagleg leiar og grensebrytar i Framtidsfylket, er ute etter å finne ein ny kollega: assisterande grensebrytar. Kan dette vere noko for deg? – Les meir… (skriven 22.12.2010)

Internasjonale Vestlandsforsking fyller 25 år

Internasjonale Vestlandsforsking fyller 25 år

Forskingsinstituttet i Sogndal utgjer saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane eit samla regionalt kunnskapsmiljø med om lag 200 fagstillingar, og feira jubileet med seminar. – Les meir… (skriven 20.12.2010)

Traineear i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Traineear i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Asbjørn Ness og Lisbeth Bringebøen har vore tilsett to og ein halv månad, og er godt i gang med arbeidsoppgåvene sine. Men kva er arbeidsoppgåvene deira, og kva er eigentleg ein trainee i fylkeskommunen? – Les meir… (skriven 01.11.2010)

– Det må regne ild fra himmelen før jeg flytter herfra

– Det må regne ild fra himmelen før jeg flytter herfra

Daniel Wergeland er en av tre som gjennom Framtidsfylket er ansatt som trainee hos Normatic i Førde, midt i Sogn og Fjordane. Han har bodd halve oppveksten sin på Østlandet, mens de to andre,  Elisabeth Bøyum Solheim og Trond Vegard Solvik, er født og oppvokst i Førde. Alle tre jobber som ingeniører innen automasjon. – Les meir… (skriven 29.10.2010)

Fersk og erfaringsbasert kompetanse i samspel løftar fylket

Fersk og erfaringsbasert kompetanse i samspel løftar fylket

Haustens traineekull er no godt i gang med arbeidet sitt ute i dei ulike verksemdene som er knytt til Framtidsfylket si traineeordning. Det betyr ny kunnskap inn – erfaringsbasert kunnskapsoverføring i retur. – Les meir… (skriven 16.09.2010)

- Traineeprogrammet i Sogn og Fjordane er ein suksess

- Traineeprogrammet i Sogn og Fjordane er ein suksess

Heile 70 prosent av traineeane i Framtidsfylket Trainee har blitt verande i Sogn og Fjordane etter traineeperioden. Dette vitnar om at programmet har vore ein suksess, i følgje karrieremagasinet Kaleidoskopet som har undersøkt traineeprogram over heile landet. – Les meir… (skriven 08.09.2010)

Framtidsfylket styrkar næringslivet

Framtidsfylket styrkar næringslivet

– Traineeordninga er ein flott start på yrkeslivet, seier fleire av dei unge vaksne som var samla til treff i Sogndal i helga. Spleiselaget bak Framtidsfylket fekk sjå konkrete resultat av satsinga. – Les meir… (skriven 15.06.2010)

Hallelujastemning etter karrieremessene

Hallelujastemning etter karrieremessene

Årets karrieremesser enda med ein all-time-high i Grieghallen i Bergen tysdag. 550 gjester og 53 stands frå privat næringsliv og offentlege aktørar representerer ein stor auke i deltakartalet. – Les meir… (skriven 18.02.2010)

Seksten spennande bedrifter søkjer traineear

Seksten spennande bedrifter søkjer traineear

Trainee-programmet gjev ein unik sjanse til ei karriere i Sogn og Fjordane. 8. mars er søknadsfristen for dei mange nye traineestillingane som no er lyst ut gjennom Framtidsfylket AS. – Les meir… (skriven 29.01.2010)

Nye framtidsfylket.no skjønar kva du leitar etter

Nye framtidsfylket.no skjønar kva du leitar etter

Den nye nettportalen til Framtidsfylket er no lansert, og tek i bruk fleire nye teknologiar for å gjere brukaropplevinga betre. – Les meir… (skriven 20.11.2009)

Inspirerande haustturne på karrieremesser

Inspirerande haustturne på karrieremesser

I midten av oktober 2009 var Framtidsfylket Trainee ferdig med sin haustturne på dei store karrieremessene, og har møtt mange spennande menneske som er interesserte i ein karriere i Sogn og Fjordane. – Les meir… (skriven 16.10.2009)

Harvard-studie av Moods of Norway

Harvard-studie av Moods of Norway

At karane bak Moods of Norway frå Stryn er unike har vi i Sogn og Fjordane visst ein stund, men no har også amerikanerne oppdaga det. – Les meir… (skriven 28.08.2009)

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt