Ekstra fordelar med bedriftsprofil på Framtidsfylket.no
-
Framtidsfylket.no er stifta av næringslivet i Sogn og Fjordane, og jobbar på ein litt annan måte enn vanlege rekrutteringsportalar. I tillegg til nettsidene med ledige stillingar og bedriftsprofilering produserer vi også nyheitssaker og blogginnlegg som set Sogn og Fjordane på kartet som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.
-
Opprett bedriftsprofil
-
Omlag ein gong i månaden sender vi ut eit nyheitsbrev med de siste nyheitene, blogginnlegg og ledige stillingar. I dag har vi ca. 17.000 sidevisningar per månad.
-
Vi har investert i søkemotoroptimalisering som også gjer at vi framover vil auke synlegheita vår på nettet. I tillegg investerer vi stadig i ny funksjonalitet i tråd med behova hos brukarane.
-
Elles marknadsfører vi portalen ved å kjøpe annonseplass i magasin/blad, og på andre studentportalar. Vi marknadsfører også stillingane på messer i storbyar, manuelt i sosiale medium eller i direkte epostkontakt med potensielle kandidatar. Denne måten å jobbe på gjer også at vi utnyttar nettverket til brukarane ved at dei vidareformidlar informasjon om ledige jobbar til sine kjende. Spreiingseffekten vert såleis stor.
-
Portalen skal vere gratis å bruke for arbeidssøkjar/-takar.
-
I februar har vi våre eigne Framtidsfylket messer i Trondheim, Oslo, Sogndal og Bergen. Det blir ein stor trafikkauke på nettsidene i denne perioden.
Hugs også: Dess flinkare vi arbeidsgjevarar blir til å bruke desse tenestene, dess meir interessant blir det for potensielle arbeidstakarar å bruke oss.
Les om fleire fordelar og alt som er inkludert i abonnementet på sida For arbeidsgjevar.
«Framtidsfylket er ein arena der vi kan gje opplevinga av det store mangfaldet og moglegheitane i fjordfylket, og på same tid få fram at Sogn og Fjordane er ei sentral bedrift med ressursar og framtidsutsikter gjennom vår satsing på fornybar energi.»
Ole-Bent Søreide
Personalsjef
Sogn og Fjordane Energi


