Prisar og vilkår for bedriftsprofil
Årsavgift for bedriftsprofil og bruk av Framtidsfylket.no:
-
Verksemd med mindre enn 10 tilsette: kr. 1.750 pr. år eks. mva.
-
Verksemd med 10 eller fleire tilsette: kr. 4.250 pr. år eks. mva.
-
For profilering av regionar og klynger gjeld andre prisar: ta kontakt for meir informasjon/avtale.
- Les om fordelar med bedriftsprofil på Framtidsfylket.no eller gå direkte til Registrer di bedrift.
Øvrige vilkår:
-
Verksemda legg ut informasjon, stillingsannonser og administrerer alle tenestene sjølv.
-
Support (hjelp til sjølvhjelp) for å kome i gang er inkludert i årsavgifta. Normalt vil vi svare på supportførespurnader innan 2 arbeidsdagar.
-
Ønskjer verksemda å kjøpe ekstra tenester frå oss (til dømes at Framtidsfylket gjer heile jobben med å legge ut stillingar, oppdatere info osv.) kan det bli ordna mot ein timepris. Ta kontakt med oss for meir informasjon.
-
Når verksemda ikkje betaler årsavgifta blir bedriftsprofilen med tilknytta funksjonar som ledige stillingar og CV-søk deaktivert.
-
Portalen Framtidsfylket.no kan berre brukast av arbeidsgjevarar i Sogn og Fjordane for å profilere ledige stillingar i Sogn og Fjordane.
Betalings- og avtaledetaljar:
-
Avtalen gjeld for eitt år gjeldande frå den 1. i den månaden bedriftsprofilen blei oppretta. Betalinga blir kravd inn forskotsvis.
-
Avtalen blir automatisk fornya for eitt år i slengen. Oppseiingsfrist er 2 månader før ny avtale tek til å gjelde.


