Rettleiing for bedrifter

Velkomen til nye framtidsfylket.no Takk for at du tek deg tid til å oppdatere bedriftsprofilen, som er eit godt verktøy for å rekruttere nye medarbeidarar. Den nye nettportalen har framtidsretta funksjonar, nytt innhald og er meir brukarvenleg. Vi importerte i 2009 informasjon frå den gamle nettstaden, men det kan ha oppstått feil, og info kan vere utgått på dato. Det er viktig at opplysningane er korrekte, slik at dyktige kandidatar kan kome i kontakt med dykk. Oppdateringa tek berre eit par minutt.

Slik oppdaterer du bedriftsprofilen:

  1. Skriv ut denne sida dersom du har høve til det.

  2. Dersom du ikkje alt har gjort det, må du først klikke "Logg inn" oppe til høgre (på det lilla feltet). Fyll inn brukarnamn og passord som du fekk tilsendt i epost. (Viss du ikkje har fått epost, sjå nedst på denne sida).

  3. No skal du stå på di side, der det står "Velkomen" øvst. Viss ikkje klikkar du på "Profilside" oppe til høgre i toppmenyen.

  4. Klikk "Endre profil" (grått felt i høgremenyen), og du kjem til sida "Oppdater bedrifta di". (Du må vere innlogga for å få fram desse vala.)

  5. Sjekk alle opplysningane i alle felta, og last eventuelt opp ny logo (viss den er større enn 170 pikslar i høgde eller breidde blir den automatisk forminska). Vi har laga ei ny bransjeinndeling – sjekk at vi har plassert dykk i rett bransje.

  6. Du kan endre passordet før du lagrar, skriv inn ditt gamle og deretter det nye du har laga (to gonger).

  7. Klikk den gule knappen "Oppdater profilen din!" nedst på sida. Klikk "Vis profil" i høgremenyen og sjekk at alt ser bra ut. Viss du vil endre noko att, klikkar du "Endre profil" og driv på til du er nøgd.

  8. Ferdig! (Eller har du ei ledig stilling, sjå neste avsnitt).

Slik legg du ut ledig stilling:

  1. Viss du har ei ledig stilling, kan du legge den ut etter at du har oppdatert bedriftsprofilen.

  2. Klikk "Ny stilling" i høgremenyen.(Du må vere innlogga for å få fram dette valet.)

  3. "Tittel på stilling" er t.d. "Dagleg leiar til butikk", "To webutviklarar" osv. Det er denne tittelen som visest på lister med ledige jobbar, så ikkje skriv berre "Ledig stilling".

  4. I "Kompetansebehov/type stilling" fyller du ut kva kjernekompetanse du treng til stillinga. Set berre kryss i relevante boksar, og ha i tankane at når du trykkjer lagre går det ut automatisk epost til arbeidssøkjarar med den kompetansen du er på jakt etter.

  5. Fyll ut felta. I feltet "Skildring av stilling" kan du skrive så mykje du vil. Hugs kontaktperson, evt. telefonnummer, epost, lenker og søknadsfrist. Limer du inn tekst frå Word, så klikk først på Word-ikonet W (Paste from Word) og lim inn teksten der. Om du har henta teksten frå andre tekstbehandlingsprogram klikkar du på T (Paste as plain text) og limer inn teksten der. Trykk Insert. Deretter kan du formattere teksten med t.d. feit skrift (B), kursiv (I) osv.

  6. Om stillinga er lyst ut også på bedrifta sine nettsider eller andre stader med meir utfyllande tekst, kan du legge inn lenke.

  7. Du kan laste opp PDF eller Word-versjon av annonse også.

  8. Vel kor tid annonsen skal blir synleg. Viss du vil publisere umiddelbart treng du ikkje endre "Frå-dato".

  9. I feltet for "Til-dato" skriv du søknadsfristen. Dersom søkjarar skal kunne sende søknad fram til 01.11.2011 kl. 16:00, så srkvi du det. Etter dette tidspunktet blir annonsen automatisk deaktivert.

  10. Før du lagrar bør du sjekke at alle felta er rett fylt ut. Pass på at du berre har kryssa av for den kompetansen du treng. Hugs at med ein gong du trykkjer "Lagre stillingsannonse", så går det ut automatisk epost til arbeidssøkjarar med den kompetansen du er på jakt etter. Derfor må du dobbelsjekke at alt er korrekt.

  11. Når du er sikker på at alt ser bra ut kan du klikke "Lagre stillingsannonse".

  12. Sjekk annonsen ved å klikke "Vis profil". Då skal annonsen dukke opp under bedriftsprofilen. Viss du vil gjere den ekstra synleg ved å annonsere for den i stort format med bilete osv. på framsida og "Ledig stilling-sida, så ta kontakt med Framtidsfylket AS. 

Korleis sjekke om bedrifta har ein profil frå før?

  • For å sjekke om bedrifta er registrert på Framtidsfylket frå før går du til sida "Finn verksemd" (lenka opnar nytt vindauge). Merk av for t.d. "Vel alle jobbtypar", og vel ein region (eller alle), og klikk "Søk". Nede på sida kjem det ei liste over verksemder, der du kan sjekke om dykkar bedrift har ein profil frå før. 

  • Viss bedrifta har ein aktiv profil som er synleg på framtidsfylket.no klikkar du "Logg inn" oppe til høgre. Klikk deretter "Gløymt passord". Då kjem du til ei side der du kan skrive inn epostadressa til den du meiner har oppretta bedriftsprofilen. Viss epostadressa ikkje stemmer får du meldinga: "Fann ingen brukar med denne epostadressa", og då kan du prøve med ei anna adresse. 

  • Når adressa er rett får du meldinga "Takk. Vi har sendt deg ein e-post med dine brukardata". Den som mottek eposten kan då følgje rettleiinga øvst på denne sida "Slik oppdaterer du bedriftsprofilen".

  • Dersom de ikkje finn ut kva epostadresse som er nytta til å lage bedriftsprofilen, kan du sende spørsmål til webmaster@mediebruket.no.

  • Viss bedrifta har ein deaktivert profil må du sende epost til webmaster@mediebruket.no for å opne den opp att. Deaktiverte profilar er ikkje synlege i lista med verksemder. Men du kan få ein indikasjon på at bedrifta har ein deaktivert profi ved at du får beskjed om at du ikkje kan logge inn, eller får feilmelding om at bedrifta finst frå før når du prøver å registrere på ny.

  • Viss bedriftsprofilen er sletta må du opprette den på ny. Sjå nedanfor.

Slik opprettar du bedriftsprofil:

Når du er sikker på at bedrifta verken har ein aktiv eller deaktivert profil, kan du registrere den for første gong.

CV-søk for å finne potensielle kandidatar

I høgremenyen er det ei lenke som heiter "CV-søk". Klikk her for å sjå korleis du får tilgang.

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt