Framtidsfylket Karrieremesser 2010

Elis på Karrieremesse 2009.Unikt høve til profilering av di bedrift: bestill standplass!

Vi ønskjer di bedrift velkomen til profilering utanfor fylket sine grenser! For mange er dei spennande karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane ein godt skjult løyndom. I lag med næringslivet, kommunar, regionane og Fylkeskommunen ønskjer Framtidsfylket for fjerde år på rad å vise dei mangfaldige og spennande jobbane som ein finn i fylket vårt. Dette er ein god tradisjon som studentar, arbeidstakarar og standhaldarane set stor pris på!

Tidlegare arrangement har vore ein suksess. I 2009 hadde vi 750 besøkande (!), 40 stands, og gode evalueringar.

Hugs! Om de ikkje er ute etter nye tilsette akkurat no, er det alltid gunstig å etablere kontaktar og profilere bedrifta.

I 2010 satsar vi på romslege sentrumsnære lokalitetar og nye grep i programmet, som vi trur kan gje endå fleire positive resultat. I tillegg til profilering på sjølve messedagen vil de kunne nyte godt av at vi går breidt ut og marknadsføre messene i forkant, at vi legg ut liste over standhaldarar, og at de blir profilerte i eit programblad/kart som blir delt ut på sjølve messa. Sjå programmet her.

Tid og stad i 2010:

  • Oslo: Clarion hotel Royal Christiania, måndag 1. februar 2010
  • Trondheim:  Radisson SAS Royal Garden hotel, torsdag 11. februar 2010
  • Bergen: Grieghallen, tysdag 16. februar 2010

Påmelding

Send ein epost med bestilling av standplass (bindande påmelding)til: kristin@framtidsfylket.no

Sjå prisliste her.

Påmeldingsfristen for stand er 18. januar 2010. Påmelding av standpersonale og hotellrom foretas på epost. Vi har alt avtalar med hotell i byane.

Nytt høvet til ekstra profilering

I tida fram til messene har vi mykje besøk på desse nettsidene (framtidsfylket.no). Dersom du tingar både stand på messene og annonseplass her på nettportalen, så kan vi gi deg ein ekstra rabatt. Er di bedrift interessert i å annonsere, ta kontakt med kristin@framtidsfylket.no.

Stian Madsen i Elis. Foto: David Zadig.

«Rekrutteringsmesser handlar om å gjere inntrykk. Elis tilsette tre kandidatar som besøkte vår stand i Bergen i fjor. »

Stian Madsen
Sals- og marknadssjef
Elis AS

«Gjennom deltaking på rekrutteringsmessene til Framtidsfylket har SFE fått profilert seg overfor viktige målgrupper. Deltakinga har gitt særs gode resultat både med tanke på konkret tilsetting og langsiktig omdømmebygging.»

Brigt Samdal
Marknads- og kommunikasjonssjef
Sogn og Fjordane Energi

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt