Kvifor det ikkje blir karrieremesse i Oslo

Som dagleg leiar i Framtidsfylket AS, og prosjektleiar for Karrieremessene, må eg også seie at eg synest det er synd at vi ikkje skal arrangere Karrieremesse i Oslo i 2012, men samtidig må vi vere realistiske og finne ut korleis vi sterkare kan komme tilbake til Oslo i 2013.

I 2011 valte næringslivet i stor grad vekk deltaking på messe i Oslo til fordel for dei andre byane, noko som førte til eit skeivt bilete av arbeidsmarknaden (hovudvekt på offentlege jobbar) i fylket. Vi må profilere breidde i type jobbar for å kunne vere attraktive – og det fekk vi då ikkje til i Oslo i år.

Det har kome signal frå næringslivet om at deltaking på tre messer kvart år kan verte for ressurskrevjande, og om det då ikkje kan vere slik at ein arrangerer messe i Oslo og Trondheim annakvart år, medan Bergensmessa er fast kvart år. Vi er avhengige av at næringslivet støtter opp om det vi gjer, det er dei som har jobbane, og gjennom standavgift står dei for størsteparten av finansieringa av messene. I år blei Oslo-messa eit tapsprosjekt. Sidan Framtidsfylket tar den fulle økonomiske risikoen så sit vi med eit stort ansvar.

Kvifor det er slik at bedriftene valde vekk messa i Oslo er noko som skal kartleggjast grundigare i tida framover. Men vi har fått tilbakemeldingar på at målgruppa i Oslo er litt meir diffus (med mykje finans- og andre universitetsutdanna kandidatar) - og at om ein då må velje vekk ei messe, så blir det gjerne denne. Vi kjem til å sende ut ei spørjeundersøking der vi kjem til å be alle om å svare, slik at vi får eit reelt bilete av situasjonen.

Vi har heller ikkje klart å hente ut potensialet som ligg i Oslo, det er jo trass alt ein stor by med mange menneske der vi burde kunne få endå fleire besøkande på messa. I Oslo har dei besøkande vore 70 % ‘arbeidstakarar med arbeidserfaring’ som ofte er klare for å flytte. Men det er vanskelig å nå ut til folk i ein storby, og skal ein marknadsføre seg der, så koster det forholdsvis mykje penger.

Det er difor vi skal køyre ei grundig kartlegging no, og sjå på om konseptet for Oslo-messa kan tilpassast slik at det på ein betre måte møter behova til gjestene og standhaldarane. Kanskje ‘løysinga’ ligg i å spisse programmet mot denne litt eldre målgruppa? Finne andre samarbeidspartnarar? Lage ein ny finansieringsmodell? Dette kjem vi tilbake til, for messe i Oslo i 2013 skal det bli!

Så er det forresten ikkje slik at vi ikkje jobbar med marknadsføring i Oslo-traktene. I september var vi blant anna med stand på Næringslivsdagen på Universitetet i Oslo, og elles pleier vi kontaktane med brukararne på Framtidsfylket.no og Facebookgruppa vår. Og i vår skal det òg bli annonser i bilag til store aviser.

Messene i 2012 blir altså i Bergen onsdag 15. februar i Grieghallen og i Trondheim 1. mars på NTNU Gløshaugen. 


Venleg helsing

Anne van Oorschot
Dagleg leiar i Framtidsfylket AS 

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt