Program for Bergen

Bryggen i Bergen. (Foto: Joe Stump, Flick CC2.0)
Programskisse for karrieremessa i Bergen 2012:
Tid: Onsdag 15. februar 2012.Ting standplass og sjå prisliste.
Stad: Grieghallen
16.30 Alle stands er ferdig rigga.
17.00 Registrering og velkomstdrikk.
17.30 Eit talkshow frå Framtidsfylket: ’Først og Fremst’:
Vert er Finn Tokvam frå Flåm i Aurland, kjend frå Radio Røynda og Pils på NRK, og i desse dagar med Vestlandsrevyen II. På fjorårsmessene var han programleiar i filmen i Framtidsfylket. Han intervjuar menneske som sjøl har erfart korleis det er å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. Standhaldarane og dei ledige stillingane deira blir presentert i ein moderne animasjonsfilm.
18.15 Mingling og stand. Det finst veldig mange spennande arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. No er det tid for at potensielle arbeidstakarar og arbeidsgjevarar kan bli kjende med kvarandre. I løpet av kvelden blir det servering av Fjordtapas, laga av våre eigne kokkar av råvarer frå Sogn og Fjordane.
21.00 Arrangementet er slutt. Nedrigging av stand.

«Rekrutteringsmesser handlar om å gjere inntrykk. Elis tilsette tre kandidatar som besøkte vår stand i Bergen i fjor. »
Stian Madsen
Sals- og marknadssjef
Elis AS