Framtidsfylket Trainee
Ein unik sjanse til ein spennande karriere i framtidsfylket Sogn og Fjordane.
Medan årets traineear (kull 09/10) nesten er ferdig med sitt traineeår, står 11 nye traineear klar til å starte på sitt i august 2010.
Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følgje deg opp. På traineesamlingane møtest traineeane i dei ulike bedriftene. Her har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og eit knippe tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.
Kvar gruppe har mellom sju og ti traineear, og det er fire fellessamlingar i løpet av året – kvar gong på ein ny plass i fylket. Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste to åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU. Kva bedrifter som deltek i traineeordninga varierer frå år til år. Bedrifter som er med i program 11/12 vil bli lagt ut på desse nettsidene seinast i midten av januar. Dersom du ønskjer å vere trainee i ei særskilt bedrift, ta direkte kontakt med oss.
Kva kompetanse som vert etterspurd vil avhenge av kva bedrifter som deltek. Men stort sett alle studieretningar og kompetanseområde har vore etterspurde. Tidligare har det vore en brei fagleg spreiing i traineegruppa (samfunnsfag, IKT, økonomi, ingeniør, juss og marknadsføring), noko som gjer læringa unik.
Vi ønskjer at du som søkjer:
- Har utdanning på bachelor- eller masternivå
- Har maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
- Er under 35 år
- Beherskar norsk som arbeidsspråk
- Har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år som vil krevje mykje av deg
- …men som samtidig vil gje deg erfaringar og eit nettverk som du vil ha god nytt av vidare i karrieren
Vil tilbyr deg:
- Ein spennande jobb med eit nettverk av kompetansebedrifter
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfoldig næringsliv i et fylke i vekst
Søknadsfristen for traineekull 2011/2012 vil vere 8. mars 2011. Seinast i midten av januar 2011 legger vi ut informasjon om dei konkrete traineestillingane og elektronisk søknadsskjema. Treng du meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar i Framtidsfylket Anne van Oorschot.