Søk traineestilling 2012-2013

SØKNADSFRISTEN ER UTE

Søknadsfristen for kull 2012-2013, start august 2012, gjekk ut 15. mars 2012. Viss du likevel er interessert i å søke traineestilling ta kontakt med dagleg leiar i Framtidsfylket Anne van Oorschot. 

Søknadsfrist for kull 2013-2014, start august 2013, vil vere i mars 2013.
Les meir om programmet Framtidsfylket Trainee: Bli trainee, og sjå videoar om traineelivet.

Vilkår for å kunne bli trainee er at:

  • du har minst ei bachelorgrad
  • du er under 35 år
  • du har mindre enn 3 års arbeidserfaring etter endt utdanning
  • du beherskar norsk som arbeidsspråk

SKJEMAET NEDANFOR KAN BERRE NYTTAST AV SØKJARAR SOM VIL ENDRE SØKNADEN (nye søknader via dette skjemaet, etter 15. mars, vil ikkje bli godkjent)

Har du ellers spørsmål om traineeprogrammet, ta kontakt med dagleg leiar i Framtidsfylket Anne van Oorschot på epost anne@framtidsfylket.no.

For å søkje på ein traineestilling må du vere registrert som brukar av framtidsfylket.no
Er du registrert frå før må du logge deg inn. Klikk “Logg inn” oppe til høgre.

Ver så utfyllande som mogleg når du fyller ut skjemaet. Du MÅ laste opp vitnemål og karakterlister, sjå instruks i høgrekolonna, ellers kan søknaden din ikkje bli skikkeleg vurdert. 

Du kan lagre søknaden undervegs før du sender den. (Når du lagrar får du fram fleire felt under Utdanning og Arbeidserfaring om du har behov for det).

NB! Etter at du har trykt Send kan du ikkje gjere endringar i skjemaet. Du må derfor avgjere kor mange stillingar du vil krysse av for før du trykkjer Send. Når du trykkjer Send søkjer du på alle stillingane du har kryssa av for. 

Finn du feil eller har spørsmål om det tekniske: send ei melding til webmaster@framtidsfylket.no

Instruks om opplasting av vitnemål, karakterlister og attestar til traineesøknad

For å kunne vurdere kompetansen din på ein god måte er det nødvendig å ha mest mogleg truverdig og aktuell dokumentasjon. Det er dokumentasjonen og søknaden som avgjer kor vidt du blir kalla inn til intervju.

Det er obligatorisk å laste opp karakterliste og vitnemål frå utdanninga di, frå og med vidaregåande skule til og med utdanninga du evt. held på med no. Viss du ikkje er ferdig med studiane dine, bør du laste opp ei mellombels karakterutskrift. Det er ein fordel om den er signert/stempla av studieadministrasjonen.

Den beste måten å gjere dette på er å scanne dokumenta dine for så å laste dei opp i søknadsskjemaet.

Vedlegg har blitt lasta opp når lenkene til filvedlegga er synlege der du la dei til.

Det er ikkje mogleg å laste opp vedlegg etter at du har sendt inn søknaden (trykt på den gule ’Send’-knappen), eller etter at søknadsfristen har gått ut.

Søknaden din blir uansett ikkje vurdert før søknadsfristen (15. mars 2012) har gått ut, så bruk den tida til å skrive ein god søknad og laste opp dei nødvendig vedlegg. Alt bør vere på plass innan 15. mars, for å unngå stress helst eit par dagar før.

Lukke til!

Har du fleire spørsmål send epost til dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot på anne@framtidsfylket.no

Teknisk info

NB! Skjemaet er ikkje testa med eldre nettlesarar. Så om du t.d. manglar dei to gule knappane nedst i skjemaet bør du heller bruke Internet Explorer 7 eller nyare (8, 9 osv.), Google Chrome, oppdatert Safari. Opera eller Mozilla Firefox. Alle desse er gratis.

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt