Hana Yohannes Assefa

Hana Assefa. Foto: Arild Nybø, mediebruket.noTrainee 2009-2010 hos Sunnfjord Energi.


Alder:
25
Utdanning: Master i elkraftteknikk ved NTNU i Trondheim (bachelorutdanning frå Etiopia)
Fødd og oppvaksen: Etiopia

– Målet mitt er å bli ein dyktig ingeniør, og å bli trygg nok til å løyse krevjande oppgåver. Draumen er å få ansvaret for eit stort elkraftprosjekt, seier Hana Yohannes Assefa.
– Dei fleste prøver å få seg fast jobb rett etter skulen. Men eg såg ein interessant annonse for Framtidsfylket Trainee, og at dei tilbaud løna traineestilling hos Sunnfjord Energi, seier Assefa.
– Ein av fordelane ved å vere trainee er at eg får praksis i fleire ulike avdelingar i bedrifta, og kan lettare finne ut kva eg er best til.  No er eg i nettavdelinga, som har med all distribusjonen av krafta å gjere. Seinare skal eg vere i produksjonsavdelinga.

Assefa trivst så godt i Sunnfjord Energi at ho gjerne vil søkje arbeid der når traineeperioden er over.
– Jobben er spennande og utfordrande, akkurat slik eg likar det. Den motiverer meg for å lære noko nytt kvar dag. Dessutan er eg glad i å jobbe i team, og å ikkje minst å arbeide og bu i eit område med eit så mangfaldig og flott landskap som i Sogn og Fjordane.

Epost: hanatec96@gmail.com

Gå til hovedsida for traineear.

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt