Hanne Teigen
Trainee 2009-2010 hos Luster Sparebank.
Alder: 23 år.
Stilling no: Trainee i Luster Sparebank, som har hovudkontoret sitt i Gaupne, der eg hovudsakleg skal vere. I løpet av min traineeperiode skal eg innom alle avdelingane i banken som er blant anna betalingsformidling, sparing, forsikring, utlån, marknad og intern drift.
Utdanning: Bachelor i Administrasjons- og organisasjonsvitenskap frå Universitetet i Bergen.
Kvifor søke traineestilling: Eg søkte trainee i Luster Sparebank fordi det er relevant for utdanninga mi og fordi det er ein unik måte å gå inn i arbeidslivet og få relevant arbeidserfaring. Ei traineestilling gir eit anna heilheitsbilde av bedrifta, sidan ein er innom alle avdelingane i løpet av traineeperioden. I ein fast stilling, som nyutdanna, vil ein ikkje få same perspektivet. Luster Sparebank er ei relativt lita bedrift, men ei sentral bedrift i lokalsamfunnet. I tillegg er Luster Sparebank ei av få sparebankar i Noreg som framleis er frittståande, men likevel gjer det veldig godt på nasjonale målingar.
Luster Sparebank er den einaste bedrifta i Luster kommune som tilbyr traineestilling. Nettopp korleis denne banken klarar seg så bra på landsbasis var ein av grunnane til at eg søkte her. Gjennom dette håpar eg på å få relevante og utfordrande arbeidsoppgåver.
Etter traineeperioden står ein fritt til å velja vidare jobb, med ein god porsjon erfaring. Dessutan er næreheita til familie, vener og kjæraste eit stort pluss.
Epost: hanne.teigen@luster-sparebank.no
Gå til hovedsida for traineear.