Fritid

Dei som flyttar til Sogn og Fjordane lærer fort å utvide fritidsomgrepet sitt. Her treng ein ikkje planlegge veker i førevegen for å ta ein fisketur på fjorden eller i eit fjellvatn, eller å kjøle seg nær breen. I 24 av dei 26 kommunane har du sjøen eller ein fjordarm innanfor kommunegrensene, og i dei to andre kommunane kan du velje mellom Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet, eller idylliske Jølstravatnet som er udødeleggjort i Nikolai Astrups måleri. Aldri meir enn ein kort biltur unna, i verste fall. Det meste er gratis.

Og i Sogn og Fjordane får du meir tid til å drive med det du likar best. Samfunnsvitar Linda Vøllestad Westbye i Lotteri- og stiftelsestilsynet seier ho får meir ut av dagen etter at ho flytta frå storbyen til Sogn og Fjordane: – Her er inga rushtid og lange køar.

Levekårsundersøkingar viser at størstedelen av befolkninga i Sogn og Fjordane går på tur, og at svært mange er aktive og likar å vera ute i frisk luft.

Variert natur
Frå naturen si side er Sogn og Fjordane variert – både med omsyn til topografi, nedbør og temperatur – og gir allsidige høve for friluftsliv. Fylket har ei lang kystline med alt frå idylliske øyrike til bratte klippar, og med innslag av svaberg og langgrunne sandstrender. Fjordane skjer seg langt inn i landet, og inst i fylket reiser fjella seg over 14-1500 mo.h. Ikkje rart at tilskipingane Fjellsportfestivalen og Fjellfilmfestivalen i Indre Sogn har mange deltakarar. 

Fylket har også store utmarksareal som spenner frå lyngheier og myrar via skogsområde, bratte lier og kupert fjell til alpine fjellområde. Dette har vore med på leggje grunnlaget for eit allsidig friluftsliv frå sjø- og båtliv, jakt og fiske, turgåing og ski – gjerne omtala som det tradisjonelle friluftslivet. Det er mange ski- og alpinanlegg i alle regionane.

I tillegg til sjølve naturkvalitetane er gjerne kulturhistorie med å auke verdien av eit område. ”Den trondhjemske postveg” slyngar seg gjennom fylket, og store delar er no lagt til rette for ferdsel. I tillegg har vi driftevegen gjennom Sogn og Fjordane.

Kulturtilbod
Men du treng ikkje berre vere eit naturens barn for å trivast her. Kulturtilbod er det mange av, og med litt planlegging kan du oppleve mykje av det tilbodet som ein finn i storbyane når dei er på turné, og meir til: Festivalar kryr det av både sommar og vinter. Størst er folkemusikkfestivalen i Førde, men også rockefestivalane på Nordfjordeid, Årdal og i Gloppen trekkjer mykje folk. Norsk Countryfestival på Breim i Gloppen er også ein stor publikumsmagnet. I det store og det heile er det festival eller andre større kulturtilskipingar og marknader ein eller fleire stader i fylket kvar einaste helg, spesielt i den lyse årstida. Sildebord i Florø, gardsopera i Bygstad, fylkesturne med Sogn og Fjordane teater, litteraturfestival i Indre Sogn, pianofestival, operafestival, skjærgardstreff i Skjerjehamn, vikingfestival ved Dalsfjorden og mykje meir.

For dei som har lyst til å involvere seg eller ungane sine i det frivillege kultur- og idrettslivet, manglar det ikkje på tilbod.

Klikk her for å å sjå lenkjer for heile fylket.


Kjelder:
NRKs Fylkesleksikon
Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen

Mann og barn
Foto: Tore Urnes. 
Dans i Osfossen i Gaular. Foto: Arild Nybø, mediebruket.no
Foto: Arild Nybø, mediebruket.no. 
Alpinhjelm
Foto: alc990.
Førdefestivalen. Foto: Knut Utler
Foto: Knut Utler.
Foto: urnes på Flickr
Foto: Tore Urnes. 
Foto: malinolivia på Flickr
Foto: Malin Dalberg.
Foto: krieid på Flickr
Foto: Krieid1
Foto: suskela på Flickr
Foto: Sami Uskela.

Naturen

Fjordar skjer inn i fylket fleire stadar, og lengste fjord i Norge, Sognefjorden, ligg sør i fylket. Her er og Jostedalsbreen på heile 487 km² som er største isbreen på det europeiske fastlandet. Ytst mot havet er Noregs vestlegaste by, Florø. Høgaste fjell er Store Skagastølstind i Luster/Jotunheimen, 2.405 m.o.h. I Sogn og Fjordane finst i alt 56 fjelltoppar over 2000 meter. Norges djupaste fjord er Sognefjorden, som er 1.308 m djup utanfor Vadheimsfjorden. Hornindalsvatnet er 514 m djupt og Europas djupaste innsjø.

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt