Karrieremesser 2010

OBS: nå er messane ferdig for 2010. Vi legger ut bilder på vår Facebooksida www.facebook.com/framtidsfylket

Til karrieremessene kjem eit breitt spekter av bedrifter frå Sogn og Fjordane til Oslo, Bergen og Trondheim for å vise kva næringslivet og offentleg sektor i fylket vårt har å by på. Februar 2010 blir det fjerde år på rad med karrieremesser i tre av dei største byane.

Erfaringar viser at mange arbeidstakarar blir overraska over det store mangfaldet av kompetansearbeidsplassar som finst i fylket. Mange bedrifter har dessutan funne kandidatane dei er på jakt etter.

Sjølv for dei som ikkje er ute etter ein arbeidsplass under messene, kan det vere like viktig å knytte kontaktar til seinare bruk. Messene kan like gjerne sjåast på som ein uformell møteplass der ein kan treffe folk og bedrifter frå Sogn og Fjordane, ha det triveleg og få inspirasjon til karriereval.

Programmet for kvelden består av ein god mix av informasjon, spennande stands, underhaldning og god mat.

Messene i 2010 blir (klikk på den messa du vil besøke for å få meir informasjon og melde deg på):

  • Oslo: måndag 1. februar 2010

  • Trondheim: torsdag 11. februar 2010

  • Bergen: tysdag 16. februar 2010 

Følg oss
også i sosiale
medier:

Følg Framtidsfylket på Facebook Følg Framtidsfylket på Twitter LinkedIn

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt