Karrieremessa i Bergen
Næringslivet i Sogn og Fjordane ønskjer deg velkomen til eit fagleg og sosialt møtepunkt. Sjå kva fylket har å by på av spennande arbeid – anten du er ute etter jobb no eller om du berre har lyst til å vite kva som finst av moglegheiter.
- Dato: tysdag 16. februar 2010
- Stad: Bergen, Grieghallen (sjå kart)
- Kl: 18.00 - 22.00
Påmelding (nederst på sida) innan: tysdag 16. februar kl. 18.00
Program for Bergen tysdag 16. februar
18.00 Registrering og velkomstdrikk.
18.30 Eit talkshow frå Framtidsfylket: ’Først og Fremst’:
Vert Roy Aron Myklebust, som også er kjend frå NRK Sogn og Fjordane sin Radio Røysi, intervjuar menneske som sjøl har erfart korleis det er å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. I tillegg får Anne van Oorschot, dagleg leiar i Framtidsfylket, høve til å fortelje siste nytt om bla. Framtidsfylket.no og traineeprogrammet. Uventa gjestar vil det heilt sikkert også bli....
19.15 Mingling og stand. Det finst veldig mange spennande arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. No er det tid for at potensielle arbeidstakarar og arbeidsgjevarar kan bli kjende med kvarandre. Sjå oversikt over stands i Bergen. I løpet av kvelden blir det servering av Fjordtapas, laga av våre egne kokker av råvarer frå Sogn og Fjordane.
22.00 Arrangementet er slutt.


