Karrieremessa i Oslo
Næringslivet i Sogn og Fjordane ønskjer deg velkomen til eit fagleg og sosialt møtepunkt. Sjå kva fylket har å by på av spennande arbeid – anten du er ute etter jobb no eller om du berre har lyst til å vite kva som finst av moglegheiter.
Les kva heimflytta akademikar Henning A. Hellebust skriv om fylket.
- Dato: måndag 1. februar 2010
- Stad: Oslo, Clarion Hotel Royal Christiania, Biskop Gunnerusgate 3 (sjå kart)
- Kl: 18.00 - 22.00
Påmelding (nederst på sida) innan: måndag 1. februar kl. 18.00
Program for Oslo måndag 1. februar
18.00 Registrering og velkomstdrikk.
18.30 Eit talkshow frå Framtidsfylket: ’Først og Fremst’:
Vert Roy Aron Myklebust, som også er kjend frå NRK Sogn og Fjordane sin Radio Røysi, intervjuar menneske som sjøl har erfart korleis det er å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. Også kommunalminister Liv Signe Navarsete (biletet) og Nils R. Sandal (fylkesordførar) blir med som gjest. I tillegg får Anne van Oorschot, dagleg leiar i Framtidsfylket, høve til å fortelje siste nytt om bla. Framtidsfylket.no og traineeprogrammet. Uventa gjestar vil det heilt sikkert også bli....
19.15 Mingling og stand. Det finst veldig mange spennande arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. No er det tid for at potensielle arbeidstakarar og arbeidsgjevarar kan bli kjende med kvarandre. Sjå oversikt over stands i Oslo. I løpet av kvelden blir det servert tapas.
22.00 Arrangementet er slutt.
Påmelding for Oslo

«Elis tilsette tre kandidatar som besøkte vår stand i Bergen i fjor. »
Stian Madsen
Sals- og marknadssjef
Elis AS


