Karrieremessa i Trondheim
Næringslivet i Sogn og Fjordane ønskjer deg velkomen til eit fagleg og sosialt møtepunkt. Sjå kva fylket har å by på av spennande arbeid – anten du er ute etter jobb no eller om du berre har lyst til å vite kva som finst av moglegheiter.
- Dato: torsdag 11. februar 2010
- Stad: Trondheim, Radisson SAS Royal Garden, Kjøpmannsgata 73 (sjå kart)
- Kl: 18.00 - 22.00
Påmelding (nederst på sida) innan: torsdag 11. februar kl 18.00
Program for Trondheim torsdag 11. februar
18.00 Registrering og velkomstdrikk.
18.30 Eit talkshow frå Framtidsfylket: ’Først og Fremst’:
Vert Roy Aron Myklebust, som også er kjend frå NRK Sogn og Fjordane sin Radio Røysi, intervjuar menneske som sjøl har erfart korleis det er å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. I tillegg får Anne van Oorschot, dagleg leiar i Framtidsfylket, høve til å fortelje siste nytt om bla. Framtidsfylket.no og traineeprogrammet. Uventa gjestar vil det heilt sikkert også bli....
19.15 Mingling og stand. Det finst veldig mange spennande arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. No er det tid for at potensielle arbeidstakarar og arbeidsgjevarar kan bli kjende med kvarandre. Sjå oversikt over stands i Trondheim. I løpet av kvelden blir det servering av Fjordtapas, laga av våre egne kokker av råvarer frå Sogn og Fjordane.
22.00 Arrangementet er slutt.
Påmelding for Trondheim

«Elis tilsette tre kandidatar som besøkte vår stand i Bergen i fjor. »
Stian Madsen
Sals- og marknadssjef
Elis AS


