Karrieremesser
VIDEO: Framtidsfylket for arbeidssøkjar frå Anders Jørgensen på Vimeo.
Til karrieremessene 2012 kjem eit breitt spekter av bedrifter frå Sogn og Fjordane til Bergen og Trondheim for å vise kva næringslivet og offentleg sektor i fylket har å by på. I 2012 vert det arrangert karrieremesser for sjette året på rad, og i 2011 var det på det meste 50 bedrifter på messene, og til saman 1.250 besøkande.
Når vi rundar 250 påmeldte delar vi ut to festivalpass (m/u overnatting) til Fjellsportfestivalen 2012!
Klikk på datoane for elektronisk påmelding og meir informasjon:
-
PÅMELDING/INFO: Bergen (Grieghallen) 15. februar
-
PÅMELDING/INFO: Trondheim (NTNU Gløshaugen) 1. mars
Det blir ikkje messe i Oslo i 2012.
Erfaringar viser at mange arbeidstakarar blir overraska over det store mangfaldet av kompetansearbeidsplassar som finst i fylket. Mange bedrifter har dessutan funne kandidatane dei er på jakt etter.
Er du arbeidstakar eller student? Sjølv for dei som ikkje er ute etter ein arbeidsplass under messene, kan det vere like viktig å knytte kontaktar til seinare bruk. Messene kan like gjerne sjåast på som ein uformell møteplass der ein kan treffe folk og bedrifter frå Sogn og Fjordane, ha det triveleg og få inspirasjon til karriereval.
Programmet for kvelden består av ein god mix av informasjon, spennande stands, underhaldning og god mat.
Vi loddar stadig ut fine premiar blant dei som melder seg på tidleg, så hiv deg rundt og meld deg på!




