Nytt om Sogn og Fjordane

Bill.mrk. «Ungkar? Kom til Balestrand!»

Bill.mrk. «Ungkar? Kom til Balestrand!»

Etter om lag 10 år med sterkt redusert drift på garden der ho voks opp, er Renate (31) no i full sving med å førebu ei framtid som heiltidsbonde. På vegen brukar ho fritida si som primus motor for ulike aktivitetar som kan lokke fleire til å kome til den vakre bygda ved Sognefjorden – gjerne fleire ungkarar! – Les meir… (skriven 19.04.2012)

Lettvint kvardag og bratt moro i Sogn

Lettvint kvardag og bratt moro i Sogn

Etter halvtanna år med gode jobbar, ein lettvint familiekvardag og ein stadig større veneflokk i friluftsmiljøet vert tanken på ei permanent framtid i saftbygda stadig meir freistande. – Les meir… (skriven 09.02.2012)

Spennande jobb midt i matfatet på Vestlandet

Spennande jobb midt i matfatet på Vestlandet

– Vi angrar ikkje på valget vi tok om å flytte frå storbyen for sju år sidan. I Sogn og Fjordane er det godt å bu og arbeide, seier kvalitetsdirektøren hos Lerum. – Les meir… (skriven 07.02.2012)

Fleksibel og godt løna IT-jobb  på Norges beste utestad

Fleksibel og godt løna IT-jobb på Norges beste utestad

For nokre år sidan vurderte dataingeniør Guy Steffen Brun å flytte frå Sogndal for å prøve noko anna. Men etter å ha løfta blikket på eigen arbeidsstad i Fjordane IT slo han det frå seg. – Les meir… (skriven 06.02.2012)

Storsatsing på skulen i Sogn – i svært vid forstand

Storsatsing på skulen i Sogn – i svært vid forstand

«Har borna det godt har også foreldra det godt», vert det sagt. Derfor har sogningane snudd på flisa i arbeidet med å gjere Sogn til ein god stad å bu og arbeide. – Les meir… (skriven 18.01.2012)

Eva tok drøymejobben med heim til Nordfjord

Eva tok drøymejobben med heim til Nordfjord

– Eg er utruleg privilegert som kan ha slike oppgåver, og på same tid bu der eg bur. Eg håpar fleire finn ut at det går an å få til. – Les meir… (skriven 16.12.2011)

Sogn og Fjordane skal bli leiande innan samfunnsansvar

Sogn og Fjordane skal bli leiande innan samfunnsansvar

– Målet med Prosjekt samfunnsansvar er at Sogn og Fjordane innan 2015 skal vere eit framtidsfylke og ein føregangsregion når det gjeld samfunnsansvar, seier næringsdirektør Jan Heggheim. Det er etablert ei styringsgruppe for prosjektet, og næringslivet vert invitert med for å kartleggje situasjonen i dag. – Les meir… (skriven 13.05.2011)

- Både jobb og drøymehus i heimfylket var meir enn vi torde håpe på

- Både jobb og drøymehus i heimfylket var meir enn vi torde håpe på

- Då Pål Anders fekk det gode jobbtilbodet, var det ikkje vanskeleg å bestemma seg for å flytte heim igjen, seier Solveig frå Naustdal. Ho sjølv satsar på jobb som sjukepleiar ved sentralsjukehuset når ho er ferdig med fødselspermisjon. – Les meir… (skriven 22.04.2011)

'Oppdrag Sognefjorden' kan bli årets 'Beste reality'

'Oppdrag Sognefjorden' kan bli årets 'Beste reality'

TV-serien på NRK1, «Oppdrag Sognefjorden», har fått mykje merksemd for spektakulære bilete. No er serien nominert til prisen 'Gullruten' for beste reality. – Les meir… (skriven 31.03.2011)

Ein draum har gått i oppfylling for delikatessekokkane i Askvoll

Ein draum har gått i oppfylling for delikatessekokkane i Askvoll

«Folk i Sogn og Fjordane fortener det beste av fisk og andre delikatessar – og draumen vår har blitt oppfylt når me nå har flytta tilbake frå Oslo og starta opp for oss sjølv her i Askvoll» – Les meir… (skriven 25.03.2011)

Silje gambla ikkje med framtida då ho valde ei juristkarriere i Førde

Silje gambla ikkje med framtida då ho valde ei juristkarriere i Førde

«Det er kjempeflott at Lotteri- og stiftelsestilsynet vart lagt til Førde. Som jurist får eg då bu der eg vil bu, samtidig som eg har ein svært engasjerande jobb» – Les meir… (skriven 18.03.2011)

Familieliv og karriere i saftbygda

Familieliv og karriere i saftbygda

«Ti år med stress og køar i Oslo var nok. Her heime i Sogndal får me meir tid til å fokusera både på jobb og privatliv». – Les meir… (skriven 11.03.2011)

Dei regionale trainee-programma gir gode resultat og knuser myte

Dei regionale trainee-programma gir gode resultat og knuser myte

Kompetansesenter for distriktsutvikling har fått evaluert dei regionale trainee-programma. Rapporten syner at ordningane har positiv effekt for dei som er høgt utdanna, for samarbeid mellom bedrifter og for omdømmet til regionane som er med. – Les meir… (skriven 09.03.2011)

Unge kreftpasientar får eige tilbod på Hauglandsenteret i Fjaler

Unge kreftpasientar får eige tilbod på Hauglandsenteret i Fjaler

Prosjektet "KaNo" ved rehabiliteringssenteret på Haugland i Fjaler har som mål å hjelpe unge kreftpasientar attende til kvardagen. Dette er eitt av få tilbod retta direkte mot denne målgruppa.  – Les meir… (skriven 28.02.2011)

Nettpremiere på Sogn og Fjordane-filmen

Nettpremiere på Sogn og Fjordane-filmen

– For å få utnytta dei milliardressursane vi har her i fylket, under føtene våre og i lufta, så må det kome høgt utdanna menneske hit, seier Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han er ein av dei mange vi møter i den nye Sogn og Fjordane-filmen. – Les meir… (skriven 25.02.2011)

Fylkesspegel for Sogn og Fjordane – eit nytt verktøy for fylket

Fylkesspegel for Sogn og Fjordane – eit nytt verktøy for fylket

Fylkeskommunen lanserer Fylkesspegelen, ei ny samling aktuell statistikk som ser på hovudtrekk i utviklinga i fylket. – Fylkesspegelen syner mellom anna at nokre kommunar kan ha lukkast i å stoppe utflyttingsstraumen, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff. – Les meir… (skriven 14.02.2011)

Statsvitar blir prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane

Statsvitar blir prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane

Statsvitar Ylva Torilsdotter Tyssing frå Sunnmøre er tilsett som prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane frå 1. januar 2011. Ho skal mellom anna hjelpe innkjøparar og tilbydarar å gjere innkjøp så miljøvenlege som mogleg. – Les meir… (skriven 05.01.2011)

Statoil opna logistikksenter i Florø

Statoil opna logistikksenter i Florø

Statoil opna logistikksenter i Florø I samband med utbygginga av Gjøafeltet, vart det avtalt å etablere eit logistikksenter for røyr i Florø. Senteret vart opna 3. november, med fylkesordførar Nils R. Sandal til stades. – Les meir… (skriven 11.11.2010)

Ny rapport viser at 45-minuttsregionen kan realiserast innan 2020

Ny rapport viser at 45-minuttsregionen kan realiserast innan 2020

Det er fullt mulig å kutte reisetida på kystvegen mellom Måløy og Florø med éin time innan 2020, og dermed realisere ein samla bu- og arbeidsmarknad på 45-50.000 menneske i Ytre/ Midtre Nordfjord og Sunnfjord. Det viser ein ny rapport. – Les meir… (skriven 11.11.2010)

Prestisjetung pris til Sogn og Fjordane Teater

Prestisjetung pris til Sogn og Fjordane Teater

Teateret i Sogn og Fjordane fekk i september Hedda-prisen for si satsing på ny nynorsk dramatikk. Ikkje mindre enn 21 urpremiar har teateret hatt sidan 2003. – Les meir… (skriven 17.09.2010)

Sommarjobb på kongens veg

Sommarjobb på kongens veg

– Det har vore kjempespennande. Vi har arbeidd utandørs i fantastisk natur, og i tillegg lært mykje som er relevant for utdanninga vår, fortel Silja Jermstad og Hanne Johnsrud. I sommar har dei hatt Lærdal og Filefjell som arbeidsplass. – Les meir… (skriven 11.08.2010)

Vurderer bru over Sognefjorden

Vurderer bru over Sognefjorden

Norges lengste fjord kan få bru med verdas lengste spenn. Eller tunnel hengande under sjøoverflata. Men prislappen blir høg. – Les meir… (skriven 06.08.2010)

Nordfjord vil lage 100 nye kulturbaserte arbeidsplassar

Nordfjord vil lage 100 nye kulturbaserte arbeidsplassar

– Nordfjord skal bli eit alternativ til Oslo for kreative menneske. Det seier Synnøve Aabrekk, prosjektleiar for forprosjektet til kultur-næringssatsinga Vakn, eit prosjekt som tek mål av seg til å bidra til å skape 100 nye kulturarbeidsplassar i Nordfjord fram mot 2020. – Les meir… (skriven 30.06.2010)

Filmbransjen inntek Sogn og Fjordane

Filmbransjen inntek Sogn og Fjordane

I sommar skal det lagast fire filmar tre ulike stader i Sogn og Fjordane. Og meir kan det bli, håpar produsent og arrangør Svein Arild Vatsø i Bremanger. – Les meir… (skriven 23.06.2010)

Nyetableringar i Årdal gav babyboom

Nyetableringar i Årdal gav babyboom

Hittil i 2010 har 20 nye born kome til verda i Årdal kommune, og 40 fleire er i kjømda i løpet av året. Det er mange år sidan sist fødselstalet var så høgt. – Les meir… (skriven 20.04.2010)

Florø grundig analysert ved 150-års jubileet

Florø grundig analysert ved 150-års jubileet

Flora kommune har fått et solid grunnlag for å vurdere kommunens og byen Florøs potensiale gjennom en omfattende rapport som ble presentert forrige uke. – Les meir… (skriven 30.03.2010)

- Sogn og Fjordane er mangfaldig

- Sogn og Fjordane er mangfaldig

- Det er udiskutabelt at Sogn og Fjordane er mangfaldig, skriv akademikaren Henning A. Hellebust i ein kronikk i Firda. Han har sjølv flytta frå Oslo til Jølster, og kallar seg i dag småbrukar og gründer. – Les meir… (skriven 25.01.2010)

15 år med IT-løft av fylket

15 år med IT-løft av fylket

Nettverket IT-forum har i 15 år samla offentlege og private aktørar til felles dyst på IT-fronten i Sogn og Fjordane. Det har blant anna gjeve utteljing i form av ei breibandsdekning på 98 prosent utbygd ADSL i dag. Men, dei kviler ikkje på laurbæra. – Les meir… (skriven 20.01.2010)

Snart 1 200 offentlege arbeidsplassar i Sogndal og Leikanger

Snart 1 200 offentlege arbeidsplassar i Sogndal og Leikanger

Ordførar Jarle Aarvoll seier til Sogn Avis at han nesten har slutta å snakke om kommunen sin som regionsenteret Sogndal. I staden brukar han nemninga "Vekstregionen Sogndal/Leikanger". – Les meir… (skriven 12.01.2010)

Byungdom drøymer om landet

Byungdom drøymer om landet

Mange unge som bur i byen, har ein draum om å flytte til bygda. – Les meir… (skriven 30.12.2009)

Elskar intelligent putlearbeid

Elskar intelligent putlearbeid

– Det er kjekt å få små ungar til å verte trygge på tannlegen, seier Miriam Sørheim Almeland (26), nytilsett tannlege ved den fylkeskommunale tannklinikken på Sande. No vil ho gjerne rekruttere ein kollega.   – Les meir… (skriven 18.11.2009)

Lettvint og gjevande liv i Førde

Lettvint og gjevande liv i Førde

Sosialantropolog Linda Vøllestad Westbye frå Telemark er ikkje i tvil om at familien har valt rett når dei blir verande i Førde. Trettiåringen har jobb som samfunnsvitar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. – Les meir… (skriven 28.10.2009)

45-minutters regionen og spennande arbeidsplassar ved kysten

Les meir om 45-minutters regionen og spennande arbeidsplassar ved kysten (PDF). Døme er Ewos, Maritim Park, Elkem og Stadt Sjøtransport. – Les meir… (skriven 08.09.2009)

Vestlandsforsking: utvidar forskarnettverket med nye forskarar frå Uganda og India

Vestlandsforsking utvidar forskarnettverket. – Les meir… (skriven 07.09.2009)

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt