Rettleiing for arbeidssøkjar

Brukarprofilen din på framtidsfylket.no vil berre vere synleg når du har fylt ut opplysningane på CV-sida, og då berre for arbeidsgjevarar som Framtidsfylket gjev tilgang til å søke i CV-basen. For å ha størst mogleg sjanse for å bli oppdaga du fylle ut felta på både profilsida og CV-sida, og du må ikkje krysse av for at du vil vere anonym. I tillegg bør du laste opp ei fil i PDF eller Word med fullstendig CV.

Pålogging når du har brukarnamn og passord frå før

Dette er ei rettleiing for deg som har fått epost frå Framtidsfylket fordi du hadde ein brukarprofil på gamle framtidsfylket.no. Den nye nettstaden som du brukar no har nye og framtidsretta funksjonar og nytt innhald. Vi har importert informasjonen om deg, men den vil ikkje vere godt nok synleg før du har fylt ut dei ekstra felta som vi har lagt til for å gjere det lettare for arbeidsgjevarar å finne deg. Det kan også ha oppstått feil, og info kan vere utgått på dato.

Derfor er det viktig at opplysningane om deg er korrekte og at alle felta er utfylt. Vi ber derfor om at du snarast kontrollerer og rettar opplysningane i profilen og CV'en din. Oppdateringa tek berre eit par minutt.


Steg 1 LOGGE INN:

(Skriv gjerne ut denne sida.) Du loggar deg inn ved å bruke brukarnamnet og passordet du har fått tilsendt i eposten. (Viss du ikkje kjem til rett side med ein gong kan du sjølv klikke “Logg inn” oppe til høgre. Når du er innlogga klikkar du “Endre profil”.)

Steg 2 ENDRE PROFIL:
Når du er innlogga kan du på sida “Endre din profil” legge inn opplysningar om deg sjølv. Du kan også endre passordet til eit som er lettare å hugse. Dess fleire felt du fyller ut på profilsida, dess lettare er det for arbeidsgjevarar å finne deg, og for oss å levere informasjon og ledige stillingar som er tilpassa dine ønskje.

I eposten har du fått tilsendt eit mellombels passord. Det bør du endre. Skriv inn det tilsendte passordet i det øvste feltet, og lag eit nytt passord som du skriv i dei to felta nedanfor.

Når du er ferdig klikkar du den gule knappen “Oppdater profilen din”.

Steg 3 ENDRE CV:
På sida “Lag/legg ut CV” kan du marknadsføre kompetansen din. Skriv ei overskrift om deg sjølv, og skriv nokre ord om kjernekompetansen din.

Steg 4 LASTE OPP CV:
Viss du har ein CV i PDF-format eller Word kan du laste den opp. (Etterpå skal det stå: “Fila di er lagra her. Last ned.”) Viss du vil byte ut CV-fila med ei anna klikkar du “Bla gjennom”, klikkar på den nye filar, og deretter den gule knappen “Oppdater profilen din” nedst på sida. Då er det den nye fila som er lagra.

Her kan du konvertere Word til PDF: http://www.doc2pdf.net/

Vere anonym

På CV-sida kan du krysse av på "Anonym". Då vil namnet ditt, epost og telefon blir skjult for arbeidsgjevarar som har fått tilgang til CV-databasen. For å kunne vere heilt anonym må du derfor også fjerne personalia frå CV-fila, dersom du har lasta opp ei slik. NB! Dersom du vel dette alternativet kan ikkje arbeidsgjevarar kome i kontakt med deg utan at du kontaktar dei først.

Sende link til CV på epost til arbeidsgjevarar

Viss du har fylt inn opplysningar på CV'sida og vil sende den til arbeidsgjevarar klikkar du på 'Vis CV'. Kopier URL'en frå adressefeltet i toppen og lim den inn i eposten. Men ver merksam på at det er berre godkjende arbeidsgjevarar som kan sjå CV'en din. Det vil seie at dei må vere godkjende av Framtidsfylket for å kunne vise CV'ar frå CV-databasen. Dersom du har valt å ha anonym CV, så vil ikkje arbeidsgjevar kunne sjå kontaktopplysningar. I så fall må du hugse å skrive dei i eposten.
 
Forslag til tekst i epost til arbeidsgjevarar:

Her er link til min CV på framtidsfylket.no:
http://framtidsfylket.no/mi-side/vis-cv/?cvid=xxxx (der xxxx = ditt CV-nummer).

Bedrifta dykkar må vere innlogga og godkjent av Framtidsfylket for søk i CV'databasen for at de skal kunne sjå CV'en. (Arbeidsgjevarar som ikkje har godkjenning kan søke om det her: http://framtidsfylket.no/for-arbeidsgjevar/finn-jobbkandidatar/sok-om-tilgang-til-cv-basen/).

Gløymt passord?

Klikk logg inn og deretter "Gløymt passord". Skriv inn epostadressa (brukarnamnet) du registrerte deg med første gong. Du kan prøve fleire gonger dersom du har fleire epostadresser du må teste. Når systemet finn adressa di får du beskjed om det.

Ikkje brukar frå før?

Dersom du har kome til denne sida ved eiga hjelp, og ikkje fordi du har fått epost, så kan du registrere deg som brukar på Framtidsfylket.no på denne sida. Gå deretter til steg 1/steg 2.

Er du arbeidsgjevar?

Er du arbeidsgjevar finn du meir info her.

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt