Elskar intelligent putlearbeid

publisert 18.11.2009 av Liv Strømme

– Det er kjekt å få små ungar til å verte trygge på tannlegen, seier Miriam Sørheim Almeland (26), nytilsett tannlege ved den fylkeskommunale tannklinikken på Sande. No vil ho gjerne rekruttere ein kollega.  

Fakta

Miriam Sørheim Almeland
(Alle foto: Erik Hattrem, InMedia)

Namn: Miriam Sørheim Almeland
Alder:
26
Arbeidsgjevar:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stilling:
Tannlege
Oppvaksen:
Hardanger
Utdanningsløp:
Femårig tannlegestudium ved Universitetet i Bergen. Tre år ved Øystese gymnas.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

- regional utviklingsaktør
- tenestetilbydar
- 1400 tilsette
- førebels budsjett 2010: 2,5 mrd.

Tannhelsetenesta i fylket

- 28 faste tannklinikkar, fire ambulerande
- 45 tannlegar
- 15 tannpleiarar
- 28 tannhelsesekretærar
- 8 administrativt tilsette

Nettstad: www.sfj.no

Sjølv om pasientbasen til den offentlege tannlegen omfattar alle aldersgrupper, er ungane i fleirtal. Det pregar arbeidsdagen positivt.

  – Mange ungar har fine tenner. Opplæring i god munnhygiene vert sentrale arbeidsoppgåver i tillegg til røntgenbilete og boring av hòl, fortel Miriam.

Fagleg miljø

På Sande skal det til vanleg vere to tannlegar, men for tida jobbar Miriam åleine. Sande har berre éin av dei heile 14 ledige tannlegestillingane i den offentlege tannhelsetenesta i fylket.

  Å byggje opp att tannsettet til pasientar med stort behandlingsbehov er den mest krevjande arbeidsoppgåva. I kvart einskild tilfelle må det gjerast komplekse vurderingar for å finna ei løysing som er tilfredsstillande både funksjonelt, kosmetisk og økonomisk. I slike situasjonar hender det Miriam saknar ein kollega å diskutere ulike alternativ med.

  – Du kan gjerne presentere denne saka som ein open søknad etter ein kollega! Men heldigvis har tannhelsetenesta i fylket eit ope miljø og digitale verktøy som fremjar samarbeid mellom klinikkane. Er eg i tvil, kan eg alltid spørje meir erfarne kollegaer ved andre klinikkar, forklarar Miriam.

  Faglege samlingar med høg sosial faktor er ei anna og mykje nytta motvekt mot mange, små og geografisk spreidde tannklinikkar med få tilsette.

Full pakke

Valet av det femårige tannlegestudiet var ein konsekvens av at ho likar intelligent putlearbeid, som ho kallar det. Dessutan føretrekkjer ho å arbeide med menneske. At ho hadde ei venninne som gjerne ville verte tannlege, medverka òg til utdanningsvalet.

  At Hardanger-jenta hamna på Sande i Gaular, var meir tilfeldig. Mannen hennar fekk turnuspraksis ved sjukehuset i Førde og har no fått fast jobb der. Familiehytta i Lavik og ein sommarjobb som tannlege i Hyllestad har òg medverka til å trekkje familien nord om fylkesgrensa.

  Tilbodet om sommarjobb i Sogn og Fjordane har vist seg å vere populært blant nyutdanna tannlegar. Kvar sommar får eit titals ferskingar høve til å teste ut både distriktet og den offentlege tannhelsetenesta før dei avgjer kvar dei ønskjer å slå seg ned.

  I Sande har Miriam ein arbeidsplass som kan tilby frynsegode andre stader berre kan drøyme om: Småbarnsforeldre har rett på ein ekstra fridag i veka med full løn! Og sjølv om dei flytta til Sande midt i året, ordna det seg med barnehageplass til dottera på tre. Som ein ekstra bonus er det kort veg ut i naturen for Miriam, som elskar orienteringsløp.

  – Her i Sande har eg fått full pakke, oppsummerer tannlegen.

 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Elskar intelligent putlearbeid”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt