Framtidsoptimist på stadig jakt etter flinke kollegaer

publisert 14.06.2010 av Redaksjonen. Foto: Privat / NVE

Sjefen for den nyoppretta seksjonen i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i Førde trivst godt med å vere busett midt mellom dei to byane i Sunnfjord. Og endå blidare er bergensaren når han har fått tak i rett kompetanse til den nystarta avdelinga.   ptimist på jakt etter fleire kollegaer

NAMN:
Brigt Samdal

STAD:
Fødd og oppvaksen i Bergen. Flytta til Eikefjord i 1996.

ALDER: 
40 år.

SIVIL STATUS:
Gift med Gro. Har borna Trygve og Idun.

TITTEL:
Seksjonssjef for Skredkunnskap og -formidling i NVE frå 1. april 2010. 

UTDANNING:
Naturforvaltar ved Noregs Landbrukshøgskule.

SPESIELLE REISER:
Heile familien budde og arbeidde i Malawi i 2005.

HOBBY:
Song. Er mellom anna med i Koriander (blandakor i Eikefjord) .

ARBEIDSSTAD:
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Statleg direktorat med 520 tilsette, av dei er kring 35 i Førde.

PROFIL PÅ FRAMTIDSFYLKET:
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NETTSIDE:
www.nve.

Brigt Samdal er seksjonssjef for den nyoppretta seksjonen innan skredarbeid i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er lagt til Førde. Og han har mange gode dagar i den nye jobben, i følgje han sjølv. Ein perfekt dag for Samdal er når han har nye og spennande oppgåver på pulten.

Og han er stadig på jakt etter kompetanse til den nye seksjonen.
Ledige stillingar blir lyst ut her: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Vi har eit team som skal arbeide med forskings- og utviklingsoppgåver for NVE i samarbeid med andre fagmiljø i Norge. Dette er oppgåver som rettar seg inn mot anvendt forsking knytt til ulike typar skred. Seksjonen vil også arbeide med formidling av skredkunnskap til ulike målgrupper, seier Samdal, som har mange lovord om arbeidsplassen:

– NVE er ein stor og spennande organisasjon. Dei tilsette får grundig opplæring og skikkelege innføringsskurs i NVE-skulen. Det er også gode høve for etter- og vidareutdanning.  Som eit statleg direktorat har NVE sjølvsagt gode rutinar for helse, miljø, tryggleik og psykososiale tilhøve på jobben.

Tilflyttarar som vart verande


Korkje Brigt Samdal eller kona Gro er oppvaksne i Sogn og Fjordane. Men etter å ha prøvd livet her ei stund, var det ingen tvil om at dei ville bli verande.


– Eg har som arbeidstakar i Sogn og Fjordane opplevd særs mange spennande oppgåver, og har fått vere med på mykje både innan offentleg forvalting og privat næringsliv, seier Samdal.

Samdal har siste åra også vore leiar for Sunnfjord 2020 / Flora Næringshage, og kommunikasjonssjef i Sogn og Fjordane Energiverk.

– Karrieremessig har eg fått utvikle meg med nye oppgåver, seier han.

Samdal er no i god gang med oppbygginga av den nye seksjonen i NVE; «Skredkunnskap og -formidling». Stillinga han er hovudsakleg administrativ, med flest dagar på kontoret. Men innimellom dukkar det opp spennande og utfordrande oppgåver i felt og på reise.

– For meg er det ei spennande utfordring i seg sjølv å få lov til å vere med og  bygge opp ein fagseksjon i Førde. Dette handlar om byggje opp eit fagmiljø med høgare kompetanse innan geologi og generell geofare for heile landet, seier Samdal.

For han personleg betyr det også at han får arbeide med fagtema som ligg nær utdanninga hans på landbrukshøgskulen, og å kunne arbeide utadretta innan desse faga.

– Kva har påverka valet av den karrierevegen du har valt?

– Først og fremst nærleiken til naturen, trur eg. Eg trivs godt i naturen. I oppveksten var eg veldig aktiv i speidaren, der vi var mykje ute på tur og lærte oss å setje stor pris på naturen og naturressursane, men også respekt for naturkreftene.


Familietur: F.v.: Brigt, Idun, Trygve, hund (etter pølser) og Gro.

Bur midt i smørauga


Brigt og kona Gro har busett seg i Eikefjorden midt mellom Florø og Førde. Med dei to sunnfjordbyane som arbeidsmarknad har det også vore lett for Gro å finne arbeid innan kort pendlaravstand. Det er omlag 20 minutt med bil kvar veg.


– Kvifor busette de dykk i Eikefjorden?

– Vi eig og driv eit småbruk der, i tillegg til at Gro driv Nærleiken AS. Med Eikefjorden som utgangspunkt kan vi dessutan velje mellom mange spennande arbeidsoppgåver i sunnfjordregionen. Sjølve tettstaden har det meste ein treng: barnehage, ti-årig skule, og stort spekter av frivillig organisasjonsliv for liten og storm seier Samdal.

Brigt likar å syngje, og er med i blandakor i Eikefjorden.

 

Han seier at nærheita til Florø og Førde gjer at dei også har enkelt tilgang til eit rikt kulturliv, til dømes Eikefjorddagane 2010, Jubileumsåret i Florø og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Samdal er svært optimistisk med tanke på framtida. Han trur han kjem til å bli verande i den noverande jobben i mange år frametter, også om 10-15 år når ungane har flytta ut og Brigt kanskje har blitt bestefar.

–  Kva er viktigast for at de skal kunne bli verande og eventuelt rekruttere nye tilflyttarar?

– Gode høve til å få jobb, i trygge og flotte rammer, slik vi har det i dag.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Framtidsoptimist på stadig jakt etter flinke kollegaer”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt