Framtidsfylket videokonkurranse 2011
Fristen er ute!
Vis oss kva du er stolt av i Sogn og Fjordane
og vinn ein superbuffet for 8 på Alexandra hotel i Loen!
Reglar
FILME OG REDIGERE:
- Lag ein video av det du er stolt av i Sogn og Fjordane. Om du har mykje du vil vise fram er det betre om du sender inn fleire bidrag.
- Lengda på kvar video skal vere maks. 90 sekund.
- Den tekniske kvaliteten er ikkje avgjerande, men den må ikkje vere så dårleg at ikkje innhaldet blir forståeleg.
- Om du vil bruke musikk, så pass på at innspelinga ikkje er beskytta av opphavsrett (MP3-ar som du har lasta ned og lyd frå CD'ar du har kjøpt kan ikkje brukast utan løyve frå dei som har opphavsretten).
LASTE OPP VIDEOEN:
- Last opp videoen på YouTube.com eller Vimeo.com (begge tilbyr gratiskonto).
- Når du har lasta opp må du skrive ein tittel, og i tekstfeltet skriv du kvar i Sogn og Fjordane opptaka er gjort, og namna på dei som har laga videoen
- VIKTIG: I teksten under videoen din må du også skrive (kopier med deg tekstlina og lenke nedanfor og lim inn):
Framtidsfylket Sogn og Fjordane videokonkurranse 2011: http://framtidsfylket.no/konkurranse - Pass på å setje innstillingane slik at det er lov for oss og andre å "embedde" videoen på våre sider. Når du sender inn videoen godtek du også at Framtidsfylket kan få lov til å bruke klipp frå filmen din i ein lengre film, som vi eventuelt lagar etter konkurransen.
SENDE LENKA INN SOM BIDRAG:
- Send lenka til videoen til konkurranse@framtidsfylket.no. (Viss du har store problem med å få lasta den opp, kan du sende ein epost til adressa ovanfor og forklare problemet, så skal vi sjå om vi kan hjelpe deg.)
- Du kan sende så mange bidrag du vil.
- Siste frist for innsending er ONSDAG 31. august 2011 klokka 24.00 (dvs. natt til torsdag). Juryen set i sving veka etter.
EKSTRAPREMIE:
- Vi har ein ekstrapremie til dei som får flest visningar på videoen sin, så pass på å lenke til videoen din i sosiale medier. Det lønner seg dermed også å vere tidleg ute. Spre bodskapen!
I videoane nedanfor får du vite meir om kva juryen legg vekt på.
Kriteria for konkurransen....
Kriteria som blir vektlagt av juryen er:
- Relevans (Videoen må illustrere noko om Sogn og Fjordane (eller ein stad i fylket) som du meiner er positivt)
- Originalitet/kreativitet (Har du ein ny innfallsvinkel eller ein ny måte å formidle det positive med staden der du bur eller arbeider, så tel det positivt. Det er også pluss om du får fram positive sider vi ikkje tenkjer over til dagleg.)
- Innhald (Den tekniske kvaliteten er ikkje avgjerande, men det må vere tydeleg kva du prøver å formidle med videosnutten. Tipset er å dra fram ein sak du er stolt av, og heller lage fleire videoar om det er meir du vil fortelje.)
Dessutan må videoen følgje reglane for konkurransen. Sjå lenger oppe på sida.
Juryen består av:
- Direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket AS
- Dagleg leiar og innhaldsutviklar Arild Nybø i Mediebruket AS (videobiletet ovanfor)
- Assisterande dagleg leiar Alice Blålid i Framtidsfylket er sekretariat for konkurransen, og kan svare på evt. spørsmål på adressa konkurranse@framtidsfylket.no, eller tlf. 909 65 603.