InMedia
Verksemda er ein del av næringsklynga
"Design"
Postadresse:
InMedia
6770 Nordfjordeid
- Bedriftas epostadresse
- Telefon:
57885680 - Nettstad (webside):
http://www.inmedia.no
Kort skildring av bedrifta og hovedaktiviteten:
OM INMEDIA
InMedia er eit byrå med kreative og strategiske menneske som jobbar med ulike former for marknadskommunikasjon ut i frå eit heilskapleg merkevareperspektiv.
Vi fokuserer hovedsakeleg på kreativ utfolding, design, strategi og prosjektleiing.
Resultatet av arbeidet vårt skal føre til auka konkurransekraft, sterkare og tydelegare posisjon eller vere umiddelbart salgsfremmande for kundane våre.
KVEN ER VI
Vi er ein gjeng med folkelege og entusiastiske gutar og jenter som alle er oppvaksne på det norske vestlandet. Vi har vore i live sidan 1998, då Steinar og Knut fikk ideen om å prøve å lage eit reklamebyrå med nasjonale kvalitetar og ambisjonar - med utgangspunkt på Nordvestlandet. I løpet av denne perioden har byrået variert i samansetting, men gjekk raskt frå ei tomannsbedrift til drygt 20 hovud. Vi er takksame for opp gjennom åra å ha fått vore med på å utvikle idear, strategiar og kommunikasjon for fleire av dei leiande bedriftene i landet. I dag er InMedia eigd av dei tilsette, med ein sterk ekstrapartner på laget. Vi er ein gjeng som brukar mykje tid saman og utviklar kvarandre fagleg.
VI TILBYR KUNDANE VÅRE
- Analyse og strategi
- Konseptutvikling og design
- Massekommunikasjon
- Internett
- Informasjon og publisering
I tillegg har vi ei eiga hurtigavdeling der kundar effektivt og rimeleg får utført sine daglege behov for mellom anna enklare trykksaker og messemateriell.
Ledige stillingar
Ingen konkrete stillingar. Ta kontakt med oss.
Relaterte artiklar
Ingen relaterte artiklar.
Kjerneverksemd/bransje:
IKT/telekom/Internett
Konsulentar/frie yrker
Media/journalistikk/informasjon/PR
Sal/marknadsføring
Bedrifta vil få bruk for denne kompetansen:
IKT/telekom/Internett
Konsulentar/frie yrker
Media/journalistikk/informasjon/PR
Sal/marknadsføring
Region
Sogn
Sunnfjord
Nordfjord
Jobbtyper
Fulltidstilling
Deltidsstilling
Sommerjobb
Sist oppdatert
12.02.2011