Energi

Stolpeklatring. Foto: Arild NybøSogn og Fjordane er energifylket i Norge på fornybar og alternativ energi. Vasskraft har dominert, men også vindkraft og solenergi blir det no satsa sterkt på. Her vil det i framtida vere behov for mange tilsette i næringar som krev høg kompetanse.

Sunnfjord Energi, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi er leiande energiselskap. Vestavind Kraft på Sandane bygger seg opp som eit sterkt fagmiljø på vindkraft. Lutelandet og Måløy bygger seg opp som senter for industri knytt til vindkraft, og Årdal og Svelgen vil vere knutepunkt for teknologi knytt til solenergi. I Sogndal er det eit akademisk fagmiljø under oppbygging på området.

Har du ei utdanning innan energibransjen, er det mange moglegheiter for nettopp deg.

Nedanfor finner du bedrifter i denne klynga.

Det er fleire andre bedrifter innan same bransjen andre stader i fylket. Finn dei gjennom eit søk i bedriftsdatabasen.

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt