26 år og ansvarleg for nesten ein milliard i verdiar

publisert 12.11.2009 av Arild Nybø

Trass i sin relativt unge alder, har Kjell Johnny Kvamme fått eit stort ansvar som nytilsett i  Sunnfjord Energi. Det har vore mogleg fordi han har gått gradene, med å først ta fagbrev og få erfaring med arbeidet «på golvet» i energiselskapet, før han tok ingeniørutdanning og sommaren 2009 søkte seg attende til selskapet der han hadde starta som lærling.

 

Fakta

Kjell Johnny Kvamme
Namn:
Kjell Johnny Kvamme
Alder: 26
Sivil status: Singel
Stillingstittel: Prosjektingeniør på stasjonsavdelinga til Sunnfjord Energi
Fødd og oppvaksen: Førde
Blogg: Utbygginga i Kjøsnesfjorden

Sunnford Energi

Konsern med om lag 120 tilsette. Omsette for om lag 300 millionar kroner i 2008. Held til i  Firdavegen 5 i Førde saman med Enivest, Fjordane IT, Etrygg

Produkt: Fornybar energi. Dette er eit produkt som er viktig for samfunnsutviklinga og som betyr mykje for folk i kvardagen.  Energibransjen er ein moderne bransje med avansert teknologi på mange felt.

Rekrutteringsbehov: Vi treng energimontørar og folk med ingeniørbakgrunn. Fordelinga er slik: 50 % fagarbeidarar, 30 % ingeniørar/teknisk utdanna, 20 % administrasjon.

Rekrutteringstiltak: Samarbeider med ungdomsskular, er mentor for studentbedrift, samarbeider med Ungt entreprenørskap, har ein trainee med master frå NTNU,  og har mange lærlingar (enerigmontørfaget, serviceelektronikk, sal og service). Har trainee 2009/10 i Framtidsfylket Trainee.

Anna:  Medeigar i Framtidsfylket.
Spesielt med bedrifta:  Spennande og framtidsretta bransje med mange kompetente fagfolk innan ulike profesjonar, godt arbeidsmiljø  og  gode høve for fagleg og personleg utvikling.

Nettstad: www.sunnfjordenergi.no/

 

– Eg byrja som lærling i Sunnfjord Energi og trivdest utruleg godt. Der er godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer. Då eg fekk tilbodet om ei slik spennande stilling heime i Førde etter endt utdanning  var valet lett. Eg er oppvaksen her, så eg er vel priviligert som har funne ein så god jobb på heimstaden som nyutdanna.

Og etter kort tid fekk han ansvaret for kjempeprosjektet Kjøsnesfjorden Kraftverk, ei kraftutbygging til ein kostnad av 900 millionar kroner:

– Eg planleggjer korleis stasjonen skal drivast når vi overtek frå entreprenørane våren 2010. I desse dagar er eg med på sluttføringa. Når vi overtek kraftstasjonen vil eg få det tekniske ansvaret, seier Kvamme. Men han presiserer at han ikkje er aleine:
– Med meg har eg driftsgruppa som i dag driftar fem andre kraftstasjonar hjå Sunnfjord Energi. Dei vil utføre alle rutinemessige drifts- og vedlikehaldsoppgåver.

Audmjuk over ansvaret

Korleis kjennest det å bli tildelt eit så stort ansvar så tidleg i karrieren?
– Eg er audmjuk og  litt stolt over å bli tildelt denne oppgåva. Eg trur nok mykje av grunnen at eg fekk jobben er at eg har vore i verksemda i mange år som lærling og på deltid under utdanninga. Så dei var godt kjende med meg.

– Vert det nervepirrande når de skal setje i gang produksjonen for fullt?
– Det vert det. Men det mest spennande blir det under testing, når vi skal kople maskina på nettet og køyre noko vi kallar avslagsprøver. Då går maskina for full effekt og ein koplar ut brytaren. Vi slepper laus 115.000 hestekrefter som ikkje har nokon plass å gjere av energien. Då er det viktig at automatikken fungerer som den skal og stoppar alle system i rett rekkefølgje for at den ikkje skal ruse opp i turtal. Ein kan samanlikne det med at ein køyrer opp ein bakke med bilen og har full gass, så trykker ein inn clutchen. Men i vårt tilfelle er motoren er mykje større…

– Utruleg utfordrande og variert

For Kvamme startar ein typisk arbeidsdag på kontoret med gjennomgang av dokumentasjon av det nye kraftanlegget, og utarbeiding av rutinar, etterfulgt av ein tur opp i Kjøsnesfjorden for å befare anlegget. I ein slik jobb vert det og mykje viktig møteverksemd med leverandørar og andre som jobbar med prosjektet. Og 26-åringen stortrivst:

– Eg har fått ein utruleg utfordrande og varierande arbeidsdag. Eg får jobbe med mange ulike oppgåver, og enkelte av dei er gjerne innan heilt andre fagdisiplinar enn elektro. Om eit par veker skal vi til med testperioden, og utpå vinteren skal vi byrje å prøvekøyre maskina. Det vert veldig spennande å få vere med å køyre i gang eit anlegg av slik storleik.
Førdianaren tykkjer også det er utfordrande å drive med feilsøking på kontrollanlegga når ein av kraftstasjonane stoppar.

– Då renn vatnet forbi, og vi må jobbe systematisk og effektivt for å få starta opp igjen kraftverket. Det likar eg!

I sommar har han gledd seg over mange fine dagar oppå fjellet inst i Jølster, der kraftanlegget i Kjøsnesfjorden er.

Sjå aktuelle ledige stillingar.Kjell Johnny Kvamme ser ut over Kjøsnesfjorden. Foto: Arild Nybø, mediebruket.noSTYRER MILLIARDAR: 26 år gamle Kjell Johnny Kvamme er ekstra nøgd dei dagane han har fått vore ute på anlegg. Her står han på helikopterlandingsplassen ved eitt av dei mange bekkeinntaka som leier vatn i tunnelar gjennom fjella ved Kjøsnesfjorden, til sjølve kraftstasjonen som ligg i fjellet til venstre for vatnet. Foto: Arild Nybø, mediebruket.no.

 Korleis har du blitt motteken hos Sunnfjord Energi?
– Eg er jo ikkje heilt ny i verksemda. Men eg har alltid blitt godt motteken når eg har vore innom i feriar og teke vakter då eg gjekk på skulen. Sunnfjord Energi er ei verksemd som yter ut over åtte-til-fire. Eg trur dette er med på å stimulere det gode arbeidsmiljøet. Og dei tilsette er aktivt med å påverke det, som i haust, då nokre lokalkjende arrangerte ein tur opp Lundeskaret. Vi låg i telt ved Trollavatnet og gjekk ned at til Sygnesand.

Formelen: Først fagbrev så ingeniørutdanning

Heile karrieren hans starta då han tok til på Øyrane vidaregåande skule i Førde, på linje for elektro. Han valde sterkstraumlinja og starta etter vidaregåande som lærling hjå Sunnfjord Energi.

– Med fagbrevet i handa byrja eg på fagskulen på elkraftlinja. I løpet av åra på fagskulen dreia interessa litt over på automatisering, og eg valde å gå vidare på ingeniørskulen og tok ei bachelorgrad i ingeniørfag med fordjuping i automatisering, seier 26-åringen. Han framhevar at det at han tok fagbrevet først var med og gjorde det mogleg å kunne få eit så stort ansvar så tidleg i karrieren:

– Eg meiner at det er viktig å ha ei praktisk forståing av problemstillingar ein møter som ingeniør, og spesielt det å kunne lage gode løysingar som fungerer i praksis og ikkje berre på skrivebordet. For min del har det utdanningsløpet eg har hatt via vidaregåande skule med læretid og fagskule gjort at eg meiner å ha ei god forståing av fagområdet.

Og det er ingen tvil om at Kvamme har valt ei yrke i ein framtidsretta bransje, i ei verd med veksande energibehov og krav til miljøomsyn:

– Vi står framfor store utfordringar internasjonalt for å få ned klimafiendtlege utslepp. Fornybar energiproduksjon vil vere eit av dei viktigaste bidraga for å nå måla. Her i Norge har vi store energikjelder innan vasskraft, vind og andre mindre utforska reine energikjelder som eg trur og håpar vi i framtida vil utnytte. Desse vil det by på store utfordringar å realisere, seier Kvamme som dermed har ikkje står i fare for å måtte omskulere seg til andre bransjar dei næraste hundre åra.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “26 år og ansvarleg for nesten ein milliard i verdiar”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt