Marin
Langs kysten av Sogn og Fjordane finn du oppdretts-, fiskerianlegg og fiskebåtar om kvarandre. I dei siste 30 åra har norsk havbruksnæring utvikla seg frå å vere ei attåtnæring til å bli verdens leiande eksportør av laks og aure.
Vågsøy, Bremanger, Flora og Hafs-kommunane er blant Norges fremste fiskerikommunar, med heile verdikjeda representert. I Flora finn du store selskap som Ewos. I Måløy finn du selskap som Domstein, Norway Pelagic, Coast og Marine Harvest. Måløy er Norges tredje største fiskerihamn og reiarmiljøa i regionen er blant dei mest dynamiske i norsk fiskerinæring.
Nedanfor finner du bedrifter i denne klynga.
Det er fleire andre bedrifter innan same bransjen andre stader i fylket. Finn dei gjennom eit søk i bedriftsdatabasen.