Maritim og Offshore
Skipsverft, olje- og offshore-aktivitet finn du i stort monn langs kysten av Sogn og Fjordane. Det er Florø som er kjent som ”oljebyen” i fylket – med INC Gruppen, Statoil, GDF Suez, IKM og Saga Fjordbase som viktige aktørar.
I Måløy er det fem skipsverft og mange andre maritime bedrifter av ulike slag. ”Teknopollen” i Måløy er blitt eit begrep og her finn vi ei klynge av nye bedrifter som jobbar med avansert maritim teknologi og offshore vindkraft. I Maritim Park i Måløy har fylket fått sin første næringspark skreddarsydd for maritime bedrifter.
Også Lutelandet i Fjaler er i ferd med å bygge seg opp gjennom Lutelandet Offshore for å montere og vedlikehalde havvindmøller og oljeriggar og hogge opp utrangerte oljeinstallasjonar.
Kort fortalt skyt nye bedrifter fart i unike maritime miljø både i Hafs-kommunane, Flora og Måløy (sjå video frå vindkraftmiljøet i Vågsøy).
Nedanfor finner du bedrifter i denne klynga.
Det er fleire andre bedrifter innan same bransjen andre stader i fylket. Finn dei gjennom eit søk i bedriftsdatabasen.
(Foto: Camilla Hoel.)