Offentlege tenester, forsking og utvikling

Hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane har mange og store kompetansemiljø innan offentlege tenester, forsking og utvikling – særleg i området Sogndal/Leikanger. Hovudsetet til fylket ligg her, med fylkesmann og fylkeskommune plassert på Leikanger.

Her er også Statens vegvesen, NAV Sogn og Fjordane, NAV økonomiteneste som utfører tenester for heile landet, Skatt Vest, Skatteopplysninga, Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) og Innovasjon Norge. Til saman har etatane kring 750 tilsette, og arbeidskrafta blir henta frå eit stort buområde.

Utdanning- og forskingsmiljøet er samlokalisert på Campus Fosshaugane i Sogndal med mange kunnskaps- og kompetansebaserte stillingar. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking jobbar med forskings- og utviklingsprosjekt som er forankra både internasjonalt, nasjonalt og regionalt.

Nedanfor finner du verksemder i denne klynga.

Det er fleire andre bedrifter innan same bransjen andre stader i fylket. Finn dei gjennom eit søk i bedriftsdatabasen.

Bedrifter

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt