Lettvint og gjevande liv i Førde
Sosialantropolog Linda Vøllestad Westbye frå Telemark er ikkje i tvil om at familien har valt rett når dei blir verande i Førde. Trettiåringen har jobb som samfunnsvitar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Fakta
|
Lotteri- og stiftelsestilsynetLotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ med to underliggjande fagtilsyn – Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet. Tilsynet er medeigar i Framtidsfylket AS. |
– Det er så bra her. Måten dei nytilsette blir tekne imot på og ønskte velkomne er heilt unik. Dessutan er det samla svært mykje kompetanse her, og det er lett å finne nokon å spørje om vanskelege problemstillingar, fortel ho.
– Og ikkje minst er det flott at eg får brukt både evnene mine og utdanninga mi her.
Linda budde og studerte i Bergen i åtte år før ho flytta til Sogn og Fjordane saman med mannen, og stifta familie.
– Det er når vi samanliknar livet vårt i Førde med livet i Bergen at vi oppdagar kor godt vi har det. Her er ikkje rushtid i trafikken, vi kan gå eller sykle for å hente og levere i barnehagen. Vi får rett og slett mykje meir ut av dagen. Livet er lettvint her.
– Det er masse kjekke folk her
At Linda kom til hjartet av Sunnfjord for tre år sidan skuldast at mannen hennar skulle ha turnusteneste på Førde sentralsjukehus. Han likte seg i tenesta, og fekk jobb som assistentslege på anestesi. I mellomtida kom også Nora til verda.
– Familien trivst utruleg godt her, og vi har bestemt oss for å bli verande, seier telemarkingen.
– Eg hugsar vi kom køyrande ned Slåttebakkane i mørket, og eg tykte Førde såg så stor ut. Vi kjende ingen då vi kom hit, men oppdaga raskt at det er masse kjekke folk her. I tillegg var det fleire av legestudentane frå mannen mitt sitt kull som fekk jobb på sentralsjukehuset. Mange av dei bur i Vieåsen, der vi også bur, og dei er i småbarnsalderen. Så det gjekk greitt å få eit nettverk.
På fritida brukar Linda og familien kulturtilboda i Førdehuset. Dei er også å finne ute i naturen saman med hunden.
Søkte etter samfunnsvitar
I starten arbeidde Linda for Landsforeningen for trafikkskadde, med heimekontor og mykje reiseverksemd. Mot slutten av permisjonstida, etter at veslejenta var fødd, såg Linda ein annonse frå Lotteri- og stiftelsestilsynet. Og annonsetittelen var korkje «konsulent» eller «rådgjevar»:
– Eg vart så glad då eg såg at dei søkte etter ein «samfunnsvitar». Det ville vere midt i blinken for meg som er sosialantropolog. Dessutan hadde eg høyrt mykje positivt om Lotteritilsynet, og det viste seg å stemme. Det at eg
skulle få ein så spennande jobb i Førde, og å få bruke utdanninga mi hadde eg ikkje venta.
Trettiåringen studerte ved Universitetet i Bergen under omlegginga frå cand. mag. til master, og har dermed eit hovudfag i sosialantropologi som vart omgjort til masteroppgåve. I tillegg har ho teke administrasjon og organisasjon og religionsvitskap som delfag.
Skal kartleggje speleåtferda til 12.000
Arbeidet på Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde er delt i team. Linda er på teamet for speleåtferd og marknadskontroll. Til saman er dei seks personar i teamet; fire juristar og to samfunnsvitarar. Linda er tydeleg engasjert i fagfeltet. Utgangspunktet er regjeringa sin handlingsplan om speleproblem, der fleire konkrete tiltak er skissert.
– Nett no jobbar vi med eit kjempespennande prosjekt der barn og unge si speleåtferd skal kartleggjast. NOVA skal spørje 12.000 unge mellom 12 og 17 år om korleis dei spelar, alt frå pengespel til dataspel. Blant anna vil vi prøve å finne ut om bruk av vanlege dataspel kan føre til bruk av pengespel. Dei same ungdomane skal spørjast opp att om to år for å sjå utviklinga.
Vil bli verande
I det daglege er samfunnsvitaren elles med og vurderer alle nye spel i forhold til kor avhengigheitsskapande dei er. Ein del av oppdraget er å førebyggje problematisk speleåtferd, mellom anna ved å lage informasjonsmateriell og administrere telefonhjelpa «Hjelpelina for speleavhengige».
– Det er ein veldig variert arbeidsdag, der eg får jobbe med alt frå enkeltsaker til større forskingsprosjekt. Eg tykkjer også det er artig at vi er to samfunnsvitarar som får arbeide i lag; ein sosiolog og eg som er sosialantropolog.
Dagen startar gjerne med ein kopp kaffi og gjennomgang av eposten.
– Vi har alle krav til ting som skal gjerast, så vidare utover dagen kan det variere mellom sjølvstendig jobbing og møter. På møta diskuterer vi utfordringar og kva som skal til for å kome oss vidare. I periodar er det travelt, akkurat slik det skal vere.
– Er det høve til avansement?
– Ja, eg trur då det. Her er gode ordningar for kompetanseheving. Arbeidsgjevar legg stor vekt på at vi skal trivast her, og kjenne at vi får brukt det vi kan.
– Er du her om 10-15 år?
– Eg ser lyst på framtida, og håpar at eg har det like bra som no. Eg trur gjerne at eg bur i Førde og vonar at eg har same arbeidsplassen.






Kommentarer på artikkelen “Lettvint og gjevande liv i Førde”
Skriv din kommentar