.

Sandane Næringshage AS

Verksemda er ein del av næringsklynga
"Offentlege tenester, forsking og utvikling"


Postadresse:

Boks 300
6821 Sandane


  • Bedriftas epostadresse
  • Telefon:
    57 00 92 00
  • Nettstad (webside):
    http://www.sandanenh.no

Kort skildring av bedrifta og hovedaktiviteten:

Sandane Næringshage AS (SNH) er ein utviklingsaktør for næringslivet i Gloppen. Formålet vårt er å skape framtidsretta og konkurransedyktige små og mellomstore bedrifter i distriktet. Vi legg til rette for utvikling og vekst for den einskilde verksemda i SNH og for samarbeid mellom dei. Vi legg også til rette for samarbeid med lokalt/regionalt næringsliv, utdanningsinstitusjonar og andre næringslivsrelaterte organisasjonar.

Sandane Næringshage er ei samlokalisering av 20 kunnskapsintensive verksemder. Her vert det skapt eit profesjonelt, fagleg og sosialt miljø, der kunnskap vert utvikling for eksisterande og nye verksemder. Næringshagen er ein open og trygg arena for uformelt samarbeid der faglege og personlege nettverk vert bygde. Felles fysisk infrastruktur, samarbeid om resepsjon, sentralbord og sekretærtenester samt tilgang på internett og ulikt teknisk utstyr reduserer i tillegg kostnadar for den enkelte bedrift.

Det er eit mål å leggje til rette for nyetableringar. Vi tilbyr;
- Etablerarrettleiing
- Rådgjeving
- Prosjektleiing
- Utleige av møterom og videokonferanse
- Utleige av kontor

I Gloppen er det Sandane Næringshage som har ansvaret for fyrstelinjetenesta for nyetablerarar. Unntaket er innanfor landbruk som  ligg under landbruksavdelinga i kommunen.

Sandane Næringshage samarbeider mellom anna med Gloppen kommune, Gloppen Næringsorganisasjon, Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Kunnskapsparken Sogn & Fjordane, Nordfjordalliansen m. fl. og saman kan vi gje  informasjon om og hjelp i prosessen frå idé til oppstart av eiga verksemd.



Ledige stillingar

Ingen konkrete stillingar. Ta kontakt med oss.

Relaterte artiklar

Ingen relaterte artiklar.

Kjerneverksemd/bransje:

Adm./leiing/kontor/HR

Bedrifta vil få bruk for denne kompetansen:

Adm./leiing/kontor/HR
Forskning/utvikling
Havbruk/jordbruk/skogbruk
IKT/telekom/Internett
Sal/marknadsføring
Reiseliv

Region

Nordfjord

Jobbtyper

Fulltidstilling
Deltidsstilling

Sist oppdatert

15.06.2011

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt