Om Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Mange drøymer i dag om å flytte ut av storbyane, for å få meir balanse i kvardagen. Men til sjuande og sist er det arbeid og karrieremoglegheiter som avgjer. I Sogn og Fjordane kan du oppleve opne, energiske og nyskapande miljø.
Fylket har alltid orientert seg mot omverda og står for mykje av verdiskapinga i Norge og ein stor del av norsk eksport. Her finn du spennande jobbar og vekstarenaer i dei mange næringsklynger innan høgteknologisk industri, maritim og offshore, marin, design, finans og økonomi, offentlege tenester/forsking og utvikling, energi og IKT. Næringsklyngene finn du i fleire bu- og arbeidsområde - frå kyst til bre. Bakteppet er at Sogn og Fjordane i stadig større grad er eit fylke der nye idear blir sett ut i livet og der internasjonale og urbane impulsar slår rot blant det tradisjonelle.
Bonusen er eit lettlevd liv - tett på naturen og eit blomstrande kulturliv. Bilkøar er det lite av og fire flyplassar gjer at du er nær resten av verda. Opera finn du i Eid og i Bygstad, men vil du besøke Operahuset i Oslo er den berre eit par timar unna.
Borna våre nyt godt av gode oppvekstvilkår. Vaksne kan i tillegg glede seg over låge bukostnader. Likar du friluftsliv kan det ikkje bli betre, men her er også rom for å nyte naturen frå eit kafèbord.
I Sogn og Fjordane har entusiastar og ressurspersonar gode rammer for å delta, å bli verdsette og å påverke – både fagleg og i lokalmiljøet, på jobben og i fritida.
Sogn og Fjordane er det rette for deg når karriere, utvikling og livsglede er viktig.







