Det perfekte livet?
Den siste tida har det blitt debattert friskt om livet i Sogn og Fjordane. Eg kan tenke meg at dei fleste er passelig lei av å lese om Anne V., Nils R., Georg A.?
Eg har bevisst halde meg lågt i terrenget. Tida strekkjer ikkje til for å blande meg i alle debatter, dessutan så er eg litt lite akademisk av meg. Trass i at den heftigaste debatten heldigvis har lagt seg, så sit eg no igjen med ein del tankar som eg vil lufte for dykk.
Det som eg trur var positivt med heten i debatten, var at den gjorde at folk tok det personleg. Mange blei fornærma. Nokre vakna. Mange begynte å tenke. Er det virkelig slik vi blir OPPFATTA? Er det slik eg ER? Og berre denne bevisstheitsprosessen er viktig, fordi eg trur at mykje av suksess i alt ligg i haldningar.
EG ER VELDIG EINIG med dei som seier at det ikkje held med å debattere, vi må verkeleg gjere noko. Heller bruke tid på å følgje det opp enn å bruke den på å debattere i det uendelege. Derfor er det så viktig at Sogn og Fjordane sitt næringsliv saman med det offentlege i fleire år på rad har reist ut til storbyane for å vise at vi finst. Undersøkinga som Framtidsfylket gjennomførte våren 2009 viste nemleg at det aller viktigaste som må vere på plass for å vurdere flytting, er ein jobb. Eg er dermed veldig glad for at Framtidsfylket sine messer har hatt ein auke i talet på selde standplassar på 30 %. Det er ei positiv utvikling. Det er jobbmoglegheitene som må stå i fokus, og så kjem resten. Og nei, vi har ikkje jobb til alle. Nokre har ein veldig spesifikk bakgrunn som gjer at det er vanskeleg. Det er synd. Men har du ein god forretningsidé, så går det også an å skape din egen arbeidsplass.
SÅ KAN VI sjølvsagt diskutere om vi marknadsfører fylket på ein riktig måte. Eg skal ikkje gå i den fella og bruke for mykje spalteplass på det. Eg trur ikkje det finst ein fasit for det. Alle folk er forskjellige. Det gjeld både dei som skal selje og dei som skal kjøpe. Vi tar med oss våre eigne haldningar i alt vi gjer.
For ti år sidan var eg på eit kurs i personlegheitsutvikling. Det var ei skremmande oppleving, og eg fekk mange aha-opplevingar. Vi var cirka 60 personar på kurset, og i ei øving skulle damene i salen beskrive alle trekka som dei leiter etter i ein god ektefelle. Flipover-arket blei fylt med mange positive ting, og det var berre så vidt det var nok med eitt ark. Så spurte coachen mennene i salen: er det ein mann her som kjenner seg igjen i denne beskrivinga? Nei, overraskende nok gjorde dei ikkje det. Og kvifor ikkje? Damene hadde skapt eit bilde av Mr. Perfect, og den mannen finst ikkje i verkelegheita.
PÅ SAME MÅTE kan ein lage ei liste over alle ønska for den perfekte jobben, det perfekte huset, den perfekte bygda/byen, osv. Og kanskje det perfekte augeblikket for å flytte. Viss ein skal vente til at både jobb nummer 1, jobb nummer 2, huset selt, huset kjøpt, barnehageplass, osv., er på plass, så kan det hende du må vente lenge. Av og til må ein ta ein sjanse i livet, og viss ein er verkeleg motivert, så ryddar ein av vegen mange problem
At livet her i Distriktsnorge er så lett, er det ingen som seier. Men er det det i byen då? Det som gjeld er å nyte det du har og gjere noko med dei aspekta du ikkje likar, eller akseptere dei. Det perfekte livet finst ikkje.






Kommentarer på artikkelen “Det perfekte livet?”
Skriv din kommentar