Finn fellesnemnaren for Framtidsfylket Trainee, EU, Brüssel og oske
Årets kull i Framtidsfylket Trainee har vore på studietur til Brüssel, og har fått masse ny kunnskap og livserfaring.
I midten av april var det altså traineekullet 2010 sin tur å reise til Brüssel på studietur. Det er Vest-Norges Brüsselkontor som er ansvarleg for det faglege programmet.
Målsetjinga til Brüsselkontoret er:
- Synleggjere regionen som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar.
- Vere lyttepost/open dør mot institusjonane i EU/EØS.
- Formidle informasjon om det som skjer i EU/EØS av særleg interesse for Vest-Norge.
- Identifisere EU/EØS-program/prosjekt av interesse for Vest-Norge.
Vest-Norges Brüsselkontor hadde sydd saman eit kjempeinteressant fagleg opplegg med totalt 11 føredrag. Vi lærte meir om EU generelt, den norske EU-delegasjonens arbeid, ESA og EFTA, NHO Brüssel, EUs miljø- og klimapolitikk, og besøkte Europaparlamentet (sjå biletet øvst).
Fiskerirådane Paul Oma og Geir Evensen hadde også tatt seg tid å kome til Norway House. Dei var veldig engasjerte og påpeikte kor viktig det er å følgje tett med på kva som skjer i EU angåande fiskeripolitikk. Fiskerirådane var ikkje imponerte over EU sin fiskeripolitikk, men den påverkar Norge i stor grad.
Det er veldig tydeleg at dei norske diplomatane i Brüssel gjer ein viktig jobb for å kjempe for Norge sine interesser, og dei sørgjer for ein god informasjonsflyt om komande lover og reglar.
BILETET TIL HØGRE: Traineegruppa framfor Norway House der bl.a. Vest Norges Brüsselkontor har kontora sine.
Vi fekk også ein smakebit av korleis store norske konsern jobbar opp i mot EU. Torben Vestergaard Nielsen frå Orkla Brands forklarte oss kvifor det er strategisk viktig å følgje med på nye EU-regelverk. For eksempel korleis ny lovgiving på prissetting av sukker direkte kan påverke Orkla si lønsemd, og at det dermed er viktig å vere godt informert om slike nye lover når prisen på Orkla sine produkt skal fastsetjast.
Hans Gjennestad frå Statoil starta sitt føredrag med å understreke kor kjekt det er å kunne snakke til ein delegasjon frå Vestlandet, fordi dei i Statoil er dei ikkje i tvil om kor den største verdiskapinga i Norge skjer J. Han understreka også kor viktig vind- og havkraft vil bli i åra framover, og det byr sjølvsagt på gode moglegheiter for Vestlandet.
Alle føredragshaldarane prøvde å unngå temaet ’ja eller nei til Norge i EU’. Dei fleste sa ’det er ei politisk avgjerd og det må vi forhalde oss til’. Men likevel fekk vi mange argument for både den eine aller andre sida. Dette var særleg lærerikt for meg som innvandrar, som kjem frå eit EU-land. Men… eg har ikkje funne svaret på kva som er det klokaste.
På grunn av mange gode føredrag har traineeane fått seg ei unik moglegheit å sjå Norge i eit større perspektiv og ta med denne kunnskapen heim til sine traineebedrifter.
BILETET: Staben på Vest-Norges Brüsselkontor: Merete Mikkelsen (direktør), Kristian Severeide (trainee). John Tveit (prosjektmedarbeidar var ikkje med på biletet).
På torsdag møtte vi ein delegasjon frå GDF Suez på hotellet, og dei kom med dei første bekymringsmeldingane om vulkanutbrot på Island og stengde flyplassar i Norge. Men så trur ein kanskje at det bokstaveleg tala skal blåse over… Og det gjorde det altså ikkje.
All honnør til traineeane som var proaktive og tok initiativ for å kome seg tilbake til Norge så snart som råd. Dei var fryktelig bekymra over kva arbeidsgjevarane skulle seie når dei ikkje rakk tilbake på jobb til måndag. Veldig pliktoppfyllande! Dei klarte til slutt å kome seg på toget til Kiel, ferje til Oslo og leigde bil for å komme seg heim.
Etter studieturen reiste eg til Nederland for å besøkje mi mor nokre dagar. Eg fekk meg også ei slitsam og lang reise for å kome meg heim. Eit slik naturfenomen viser oss kor sårbare vi er. Vi er vande med at alt skal gå fort, og at vi har rimeleg bra kontroll over det som skjer. Og det var vel kanskje det eg opplevde som det mest vanskelige, at ein ikkje veit kva ein skal forholde seg til når det kjem nye oppdateringar kvar 6. time. Og til sjuande og sist er det ingen som veit kva som skjer.
Det er klart at sikkerheit er det aller viktigaste. Det var vel alle reisande som eg snakka med undervegs enige om (ein kunne ha skrive ei bok med alle originale reisehistorier). Vi var heldige som kom oss trygt heim. Tenk på nordmenn som sit fast i Japan eller USA. Eller ein ung turist frå New Zealand som ikkje kjem seg heim og ikkje har råd til å bu på hotellet. Menneske som skal i gravferd, men ikkje rekk å kome fram. Andre som har mellomlanda og sit fast på flyplassen og ikkje kan forlate den fordi dei ikkje har visum for akkurat det landet. Mange nettsider for bestilling av tog- og bussbilletter crasha, og folk måtte stå i kø i fleire timar for å høyre at dei ikkje fikk plass før om nokre dagar. Andre måtte stå på tog i fem timar. Alle leigebilar var utleigde. Hotellprisane på kontinentet var seksdobla.
Og så veit vi jo ikkje endå kva dei økonomiske konsekvensane blir. Konsekvensane for einskilde bedrifter eller verdsøkonomien….
Dette har uomtvisteleg vore ein lærerik tur, både fagleg og personleg, og ikkje minst har denne traineegruppa hatt ei teambuilding utanom det vanlege.






Kommentarer på artikkelen “Finn fellesnemnaren for Framtidsfylket Trainee, EU, Brüssel og oske”
Skriv din kommentar