Realt engasjement

Anne van Oorschot

Skrive av Anne van Oorschot - (23.03.2010)

Anne van Oorschot (38) flyttet til Bremanger fra Nederland i 2000, sammen med mannen sin Rogier, og barna Stijn (11), Ive (9) og Lotte (6). Årsaken til at de flyttet var at de ønsket seg god plass, urørt natur og gode oppvekstvilkår for ungene. Nå eier de et småbruk på Davik og stortrives.

Vi hadde snakka om Mini-REAL i fleire veker då dottera mi Ive på 9 år fortalde ho hadde vore på intervju etter å ha søkt jobb som dagleg leiar i ein butikk...

Realt engasjement

Skrivesperre. Det er vel det eg er plaga med i dag. Om det har å gjøre med at eg har vore litt slapp i det siste (etterdønningar etter spysjuka som besøkte heimen vår), manglande sol (når vi endeleg fekk sol ved huset på Davik snudde været og vi har ikkje sett sola sidan) eller rett og slett for mange tankar i haudet samtidig, det er ikkje godt å seie.

Det har sikkert også noko med at det har skjedd så mykje i det siste på jobbfronten. Ein fantastisk oppslutning om Framtidsfylket sine messer både frå næringslivet og deltakarar er klart ei fjør i hatten for alle som har bidratt. Mange gode søkjarar på Framtidsfylket Traineeprogram (auke på 80% i forhold til året før) er også noko som alle kan være stolte over. Alt dette set fylket på kartet på ein veldig positiv måte.

Eg var også på næringslivssamlinga i regi av Flora Industri- og Næringsforening der bedrifter frå Florø, Førde og Bremanger møtte kvarandre. Det var ein kveld som inviterer til refleksjonar. Mange pratar om felles bu- og arbeidsområder, men det er faktisk ingen region i Sogn og Fjordane som i praksis har kome så langt som Sunnfjord. Det er jo unikt at næringslivet kan møte kvarandre på ein slik arena både for å styrke kontaktar med kvarandre i forhold til å kunne selje og kjøpe tenester frå kvarandre, få til samarbeid, men ikkje minst for å drøfte og jobbe med felles utfordringar. Eg trur det er heilt rett, også i rekrutteringssamanheng, å tenkje større enn berre sitt eige lokalsamfunn. Styra i industriforeiningane skal ha ros for at dei tør tenkje «out of the box». Når vi tenkjer tilflytting så er potensielle kandidatar ikkje så opptekne av grenser som vi som allereie bur her.

Det som begeistra meg akkurat denne veke var mi dotter Ive på 9 år. Ho har no i fleire veker snakka om Mini-REAL og i går toppa det hele seg med ei samling for alle foreldre og søsken i gymsalen på Davik Oppvekst: det var marknadsdag i Tømmerdalen. Nei, dette er ikkje namn på ein del av Davik-bygda, men eit fiktiv lokalsamfunn som dei sjølv har laga.

Mini REAL er noko som kjem frå USA og det er eit opplæringsopplegg som går på ’distriktsaktivt entreprenørskap gjennom aktiv læring’. I fjor hadde dei mange oppdrag for at dei skulle bli kjende med sitt eige lokalsamfunn. Dei reiste blant anna til kommunesenteret og helste på ordførar og rådmann, var på bedriftsbesøk og de måtte setje ord på kva dei synest er positivt med den kommunen dei bur i. Dette for å skape positive haldningar og stoltheit over bygda si.

Årets opplegg innebar at dei måtte søke på jobbar i sitt eige fiktive lokalsamfunn. Ein kunne blant anna bli ordførar, rådmann, bibliotek-, bank- eller kafemedarbeidar. Mi dotter ville søkje på jobben som dagleg leiar (kan dette være tilfeldig i ein familie der begge foreldra er dagleg leiar?) i ein handverksbutikk. Ho måtte skrive ein søknad og ein CV, og dermed setje ord på kva ho er flink til og likar å jobbe med. Også eit ekte jobbintervju måtte gjennomførast. Det var ein stor dag då mi dotter kom heim og fortalte at ho hadde fått jobben.

Men så var det då Marknadsdag i Tømmerdalen i går. Vi kunne sjå på ein modell av korleis bygda ser ut, der hus og bygningar var laga av mjølkekartongar. Det var eit flott arrangement, der mange turistar (ja det var vi) kom på besøk. Tale frå ordførararen, koret som framførte bygdasongen og spennande salsbod der ein kunne få kjøpt mykje fint, som dei stort sett hadde laga sjølv. Og det engasjementet som borna viste, det var rørande.

Eg meinar ar REAL er eit fantastisk verktøy for entreprenørskap i distriktet, fordi det er klart at ein må vere ekstra kreativ og motivert for å skape ting ein plass der det ikkje er så mykje næringsliv frå før. Det krev mykje guts og sjølvtillit, og vi kan ikkje starte tidleg nok med å gje borna det grunnlaget.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Realt engasjement”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt