Dugnad - ei pest og plage?
Kvar 6. uke skrivar eg ein 'frittlevert' artikkel i Firdaposten. No kan dokke få lese denne her.
DET ER EIN OVERGANG å flytte frå Nederland til Norge. Særleg når du, slik det var i mitt tilfelle, aldri hadde vore i landet før. Etter vel åtte år er vi vel så godt integrerte og kjende med livet i Distrikts-Norge at vi har erfart både dei positive og negative sidene. Av natur er eg ein person som har ei positiv haldning og brukar som regel veldig lite tid på å dvele ved negative ting (klage hjelper ikkje, så då må du enten gjere det du kan sjølv for å påverke situasjonen, eller du må akseptere og gå vidare). Så viss eg skal ta fram noko om den norske kulturen som slo meg mest i byrjinga, er det dugnadsånda. Vi har ikkje ein gong eit ord for dugnad på nederlandsk.
EG VEIT at det er mange nederlendarar som blir positivt overraska. Då dei kom med flyttelasset sitt til grendene, så var det brått ein heil gjeng med sjauarar for å hjelpe til. Vi blei også tatt så godt imot på Dyrstad. Det varma hjartet å sjå korleis folk hjelpte oss med å legge til rette for at vi skulle trivast. Det er ikkje alltid dei store tinga som gir utslaget: Å fyre i peisen for at huset skulle vere varmt da vi kom, invitere oss på setra, ta oss med på båtturar, osv. Slike ting er også er ei form for dugnad.
DUGNAD SKJER også i jobb-samanheng. Framtidsfylket AS, der eg er dagleg leiar, er eit eksempel på det. Framtidsfylket jobbar med å synleggjere karrieremuligheitane i Sogn og Fjordane og veldig ofte låner bedriftene ut sine tilsette for å jobbe mot det felles målet. Vi ønskjer å sette Sogn og Fjordane enda tydelegare på kartet, og det må vi gjere i lag. Utan denne felles innsatsen ville vi aldri lykkast.
Når du bur i ei lita bygd som Davik, så er du nødt å stille opp i alle slags komitear: 17. mai, bygdekveld, juletrefest, dugnad på Hauesanden og Jørntunet, idrettslaget, utviklingslaget, barnekoret, osv. Og ikkje minst alle dugnader som følgjer med når du har born i barnehagen eller skulen (akkurat dei er eg litt mindre begeistra for: Kvifor kan eit så rikt land som Norge ikkje leige inn folk, slik at vi foreldre slepp å bruke tida på dette?)
Det er klart at det kan vere slitsamt med dugnad til tider. Og det er ikkje alltid lett å finne tid til å stille opp. Moderne mennesker har det meir og meir travelt, og eg trur at mange opplever at interessa for å jobbe dugnad blir mindre. Begge foreldre i jobb og ungane som skal vere med på masse forskjellig. For dei som reiser mykje i jobben, slik eg må, blir det ikkje alltid like enkelt.
MEN HAR VI noko val? Viss vi ønskjer at det skal skje ting i lokalsamfunnet, og at barna våre kan få oppfylt sine sosiale, kulturelle og sportslege behov, så må vi nok ta ansvar. Det fine med dugnad er jo at ein faktisk kan utgjere ein forskjell. Ein viser at ein bryr seg om kva som skjer i bygda og tar ansvar. Og ikkje minst skapar det samhald. Eikefjord er eit godt eksempel på dette. Dei opplever det slik at dei har klart å engasjere bygdefolket så sterkt at folk er veldig positive til å stille på dugnader. Folk føler seg priviligerte over at dei kan bidra.
Så eg trur at vi i enda sterkare grad må nyte den gode følelsen av å kunne bidra. I år kunne eg ikkje være med på dugnad på Hauesanden. Det slit litt på samvitet mitt. Så neste gong eg skal på stranda trur eg at eg må ta med ei rive og gjere min samfunnsinnsats.


















































Kommentarer på artikkelen “Dugnad - ei pest og plage?”
Skriv din kommentar