Ein fødsel nærmar seg

Anne van Oorschot

Skrive av Anne van Oorschot - (24.10.2009)

Anne van Oorschot (38) flyttet til Bremanger fra Nederland i 2000, sammen med mannen sin Rogier, og barna Stijn (11), Ive (9) og Lotte (6). Årsaken til at de flyttet var at de ønsket seg god plass, urørt natur og gode oppvekstvilkår for ungene. Nå eier de et småbruk på Davik og stortrives.

Kvar gong eg fortel til folk: «Vi er ferdige, fornøgde, klare. Vi er heldige som har tre friske ungar, kva meir kan vi ønske oss?», så er det alltid ein nordmann som seier: «Ja-ja, det veit du no aldri.»

No går eg svanger med mitt fjerde (og siste!) barn. Alle rundt meg er så utålmodige: «Kva tid har du termin? Nærmar det seg no?» «Ja, ja» seier eg då, «det er ikkje lenge til.»  Dette tar mykje krefter og tid, og eg har blitt ganske sliten og har vondt i ryggen. Så seier legen «du må roe ned», men korleis skal ein gjere det, med ein travel jobb og tre born frå før?

VISSTE DU IKKJE at eg var gravid? Då har eg klart å gøyme det for deg. Okay, eg skal innrømme vi snakkar ikkje om eit tradisjonelt svangerskap, men det kjennest sånn. Ein veit no aldri korleis det går, men vi satsar på fødsel i neste veke. Det siste barnet mitt er altså den nye portalen til framtidsfylket.no. Målet er å synleggjere karrieremoglegheiter i Sogn og Fjordane slik at det blir lettare for arbeidsgjevarar å rekruttere unge vaksne med høgare utdanning. Det er eit ganske stort ansvar å representere  mange arbeidsgjevarar i fylket og samtidig betjene krevjande kundar. Det er ein hard kamp om dyktige kandidatar og vi er nøydd å vise oss fram på ein offensiv måte og vere profesjonelle. Er de klar over at det er mange som ikkje ein gong veit kvar Sogn og Fjordane ligg? Og dei har som regel ikkje høyrt om næringslivet i fylket heller. Så det er langt ifrå noko sjølvsagt at dyktige folk klarar å finne di bedrift akkurat på det tidspunktet du har ei ledig stilling. Vi må sørgje for at dei klarar å finne deg, til og med når de ikkje leitar etter deg, bør di bedrift dukke opp.

EIN GJENG entusiastiske traineear la i 2007 grunnlaget for portalen slik den er i dag, og de har gjort ein kjempejobb. Men for ein portal slik vi har, så gjeld det å ligge i forkant både når det gjeld brukervennligheit, teknologi og innhald, og det er alltid mykje som kan forbetrast. Det er no vi prøver å legge grunnlaget for ein ny framtidsretta portal, og så skal vi jobbe med å optimalisere den heile tida. Dette er ein jobb som alle arbeidsgjevarar i fylket kan nyte godt av.

UANSETT ER Framtidsfylket midt opp i ein spennande haust. Førebuingar til karrieremessene i storbyane i februar 2010 er i full gang, og det same gjeld rekruttering av bedrifter til traineeprogram for dei to neste åra.  Alle arbeidsgjevarar (både i privat og offentleg sektor) må være flinke til å bruke portalen for kva den er verdt og vere flink til å profilere seg der: dei spennande jobbene må fram. Det er viktig å tenke langsiktig og jobbe mot dei måla vi har: Å rekruttere dyktige folk som kan skape vekst og utvikling i Sogn og Fjordane.

Fint viss de også slår ring rundt «barnet» mitt. Det må visast ansvar og engasjement. Og alle som har barn må vere flinke til å gjøre dem oppmerksame på at framtidsfylket.no faktisk er ei nettside der ein kan holde seg orientert om det som skjer kring karrieremoglegheiter i Sogn og Fjordane.
Og gjer vi dette, blir barnet mitt sunt og stort. Utan at eg behøver å bli så sliten.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ein fødsel nærmar seg”

Vigdis Tonning sier:

Stå på Anne! Du er rett dame på rett plass.

Anne van Oorschot sier:

Takk for det Vigdis. Prøvar så godt eg kan og likar godt det eg holdar på med :-) Du veit: eg skal bli gammal her i dette fylket.

Skriv din kommentar

Siste nytt

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt