Ein veit aldri kva som kan komme til nytte

Jorunn Seim

Skrive av Jorunn Seim - (10.05.2010)

Jorunn Seim er opphavleg frå Årdal. Ho er utdanna omsetjar og har rundt 15 års erfaring som omsetjar, teknisk forfattar og prosjektleiar. Sidan 2009 har ho drive Språkbruket i Førde.

Ei av mine største utfordringar ved å bu i Sogn og Fjordane er transport. I mitt tidlegare urbane liv klarte eg meg aldeles utmerka til fots, med sykkel og ved hjelp av kollektivtrafikk. Men eg innser at for å kunne bu i heimfylket må eg utvide reiserepertoaret mitt.

Ein veit aldri kva som kan komme til nytte

Rundt omkring i Førde tek eg meg fram ved å gå eller sykle, og skal eg reise til ein større by – til dømes Bergen – går det ekspressbuss. Det er mellomdistansane som er utfordringa.

I haust måtte eg ein tur til Dale. For meg var buss eit naturleg val. Kvart på åtte tusla eg heimafrå, og ein halvtimes tid seinare sat eg på det som etter kvart viste seg å vere ein skulebuss. Då vi kom fram til Bygstad, hadde sjåføren overlevert alle ungane til lærarane deira, og det var på tide å overlate ansvaret for meg til ein kollega. Nærare bestemt han som køyrer den artige kombibussen med varer bak og passasjerar (i dette tilfellet: passasjer) framme.

Vegen vidare gikk innom diverse nærbutikkar og bedrifter med leveransar. Men vi kom fram til slutt. Halvannan time for tidleg, faktisk. For viss eg hadde teke neste buss, ville eg komme fram altfor seint. Så då blei det kaffipause på kafeen i Dale sentrum. Eg hadde vore undervegs i fire timar då møtet begynte. Med bil ville eg brukt ein times tid.

Eg liker godt å reise kollektivt og har ikkje tenkt å slutte med det, men eg innser at det innimellom er praktisk å køyre bil. Det er jo heilt naturleg at kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane er mindre omfattande enn tilsvarande tilbod i Oslo. Det bur færre folk her, og det må eg ta konsekvensen av.

Jau, eg har førarkort. Det er det ein kan kalle pent brukt. Men plutseleg har det komme til nytte, og eg bruker det av og til. Det går heilt fint når eg køyrer rett fram på bein veg. (Spesielt dersom vegen er brei og det ikkje er så mange andre som er ute og køyrer samtidig.) Dessverre strever eg fælt med å rygge, og dersom eg står overfor valet mellom å køyre bak ein traktor i nokre kilometer og å køyre forbi, skal ikkje traktoren sjå vekk frå at han får selskap. Om han så har gjødsel i tilhengaren.

Ein skulle tru at mannen min, den urbane italienaren, ville ha same problem som meg, men nei. Er du van med å lukeparkere med eit par centimeters klaring i Milano sentrum, er vestlandske krunglevegar reine barnematen.

Det er det altså ikkje for meg. Men eg jobbar med saken. Eg har nett køyrt tur-retur Sande heilt åleine, og verken eg eller bilen fekk varige mein. Ein aldri så liten siger, og slike har eg bestemt meg for at det skal bli fleire av. Eg har det nemleg ikkje med å gi meg så lett.

Men sånn inntil vidare: Om du treffer meg på ein trong veg der det ikkje er plass til oss begge, får du ein ven for livet om DU ryggar ;-)


(Illustrasjonsfoto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ein veit aldri kva som kan komme til nytte”

Anita M. I. sier:

Hei Jorunn!
Det er artig å lese om dine funderinger. Kanskje du kunne ha lyst til å prøve deg heilt til Svelgen en dag også? Det hadde jo vært veldig koselig med besøk :-)

Anita

Skriv din kommentar

Siste nytt

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt