Ny på gamle trakter
For eit år sidan var både eg og sambuaren min einige om at vi ville flytte frå Oslo til Breim. Vi såg for oss ei lang jobbjakt for å få gode og relevante jobbar, og rekna med å vere i heimtraktene tidlegast i 2012. At alt skulle ordne seg på eit halvt år var absolutt ikkje forventa!
Utruleg nok, må eg seie, tok det ikkje lenger tid. Vi hadde knapt sett opp eit einaste jobbsøk på Finn.no før vi begge hadde jobbar innan informasjon/kommunikasjon. Flaks? Godt muleg, men det syner at det går! Eg trur også at mange rundt oss vart overraska. – Jøss, finst det slike jobbar i Sogn og Fjordane?
Eg er trainee på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og jobbar med forskingsformidling og kommunikasjon, noko som er midt i blinken for meg med bakgrunn som informasjonsrådgjevar og journalist.
I praksis betyr det at eg arbeider for å få ut meir informasjon om kompetansen fagfolka ved høgskulen har og aktivitetar i tilknyting til forsking og utvikling. Så langt er erfaringane frå jobben veldig bra, med spanande arbeidsområde og stadig nye problemstillingar å bryne seg på.
Til no har eg mellom anna skrive ein del artiklar for internsidene til høgskulen på nettet og prøvd å rydde litt på forskingsnettsidene. Eg får også dekka deler av nysgjerrigheitsbehovet mitt når eg pratar med forskarane her og høyrer om alt det fantastiske dei forskar på (dette kjem eg nok garantert tilbake til ved ei seinare anledning).
No er det vel to og ein halv månad sidan eg starta og i løpet av den tida har det også blitt tid til ei traineesamling. Samlinga, folket og veiret var heilt fantastisk, så det var tre strålande dagar i Smørhamn. Eg hadde ikkje tenkt så mykje på traineeopplegget før desse dagane. No merkar eg at eg gledar meg stort til dei neste samlingane. Ikkje berre er opplegget bra og dei andre traineeane hyggelege, men eg ser også fram til å vere turist i eige fylke.
Eg skjemst nesten over alle stadane i fylket eg aldri har sett mine bein. Så det passar meg perfekt at nokon tek meg med og samstundes fortel om muligheitene fylket byr på.
Så langt trivst eg utruleg godt som heimflyttar og eg gler meg til resten av tida som trainee!






Kommentarer på artikkelen “Ny på gamle trakter”
Skriv din kommentar